Nyheit

Bli Kongevegambassadør

  Nyheitsarkiv
14. jun 2017
Informasjonskveld på Vbu måndag 19:00

Alle vil til Kongevegen denne sommeren og anten du arbeidar med turistar eller berre skal ha slektningar på besøk er du velkommen til ambassadørkveld på Vbu måndag.

- Alle som bur her vert på sett og vis eit vertskap for besøkjande som vil oppleve Kongevegen over Filefjell. Difor bør også flest mogleg vite litt om vegen, seier næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon.

Saman med Vang kommune og Bedritsnettverket Kongevegen arrangerar Innovangsjon ambassadørkveld for Kongevegen i auditoriet på Vbu måndag 19. juni frå 19-21.

Program
  • Om Outtt og nettsidene til Kongevegen
  • Litt frå prisutdelinga  
  • Kva finn du langs vegen
  • Utfordringar og kommunikasjon
  • Kven bidreg med kva
  • Eventuelt

Arrangementet er ope for alle.