Tre hus er på veg opp i det nye feltet på Hensåsen no. Kva treng bustadmarknaden i Vang framover?
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Korleis byggje Vang vidare?

Korleis byggje Vang vidare?

03. november 2017

Bli med å peike retning for bustadmarknaden i Vang dei neste åra!

– Det er positivitet på bustadmarkanden og full fart i dei fleste grender. Folk utviklar tomter, byggjer nytt, pussar opp og får objekt ut på marknaden til både sal og leige. No er det på tide å sjå kva marknaden ynskjer seg dei neste åra, seier dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.

Førre bustadundersøking vart gjort i regi av Innovangsjon i 2014.

Høg byggjeaktivitet

Det er til dømes bygd fleire nye tomannsbustader på Bøaflaten og i Ryfoss dei siste åra. Samstundes er det realisert og sett i gong fleire prosjekt på Hensåsen/Åsvang.

– Båe desse behova kom tydeleg fram i førre undersøking, noko som syner at ei bustadundersøking kan vera eit godt verkty for å planleggje fram i tid, seier Rogn.

Med utvidinga av tomtefeltet i Ryfoss og avsett areal for bustadbygging i sentrum er det den generelle tomtetilgangen i Vang temmeleg god.

Manglar leilegheiter i Vang sentrum

Eit tydeleg signal frå førre bustadkarlegging var behovet for leilegheiter til sal og utleige i sentrum. Dei åtte einingane som er bygd sia førre kartlegging er alle leigd ut frå fyrste dag.

– Både kommunen og private aktørar er på ballen no i høve ny reguleringsplan for Vang sentrum, så det ser lyst ut med tanke på neste år. Det blir spanande å sjå kva som kjem fram om behovet for dette i denne undersøkinga, seier Rogn.