Nyheit

Kyrkjestølen open

  Nyheitsarkiv
18. jul 2017
  • Aagot Monsen driv kafé, overnatting og kulturverksemd på Kyrkjestølen ut september.
  • Som hyttenabo til Kyrkjestølen kjenner vertskap Aagot Monsen godt til kvalitetane i området.
  • Stifstøtta på strekningen Kyrkjestølen-Maristova langs Kongevegen over Filefjell ligg berre eit par kilometer frå Kyrkjestølen. Foto: Sverre Hjørnevik.
  • Mykje å ordne fram mot opning.
  • Turen frå Kyrkjestølen til Maristova er høgfjellsklassikaren langs Kongevegen over Filefjell. Foto: Sverre Hjørnevik.
  • 26 sengeplassar av enkel standard med solid frukost neste dag er overnattingstilbodet på Kyrkjestølen.
  • St.Tomaskyrkja er nærmaste nabo til Kyrkjestølen.
Kafé, overnatting og kultur

Kyrkjestølen opnar for servering og overnatting i dag som eit viktig tilbod for vandrande langs Kongevegen over Filefjell og ei kjærkomen gjenopning av ein tradisjonsrik turistplass i Vang.

– Vi er opne kvar dag ut september. Det vert grove rummevaflar og kaffi til turistar på dagtid, middagsservering på bestilling klokka seks og tradisjonelt «bed & breakfast» for overnattingsgjestar, fortel vertskap Aagot Monsen.

Kongevegen over Filefjell

Kyrkjestølen er start- eller endepunkt for den klassiske høgfjellsruta over til Maristuen langs Kongevegen over Filefjell og Monsen har fylgd interessert med på alt som har skjedd med den staselege vegen dei siste åra.

– No har har meldt meg inn i nettverket for Kongevegbedriftene og eg ynskjer å samarbeide med dei andre bedriftene og bidra til eit meir komplett tilbod langs vegen, seier Monsen.

Sjekk ut Kongevegen over Filefjell sine heimesider og Kongevegguiden hjå Outttt.


Monsen har vore hyttenabo til Kyrkjestølen dei siste fem åra og er særs bevisst på kvalitetene i området når ho no startar som turistvert.

- Her treff reinsdyra rett utanfor døra, det er dagsturar i alle retningar, fisk i vatnet og topp tilhøve for sykling. Dette er eit godt sumarliv eg vil bidra til at at endå fleire kan ta del i.

Mat, overnatting og kultur

Det er 26 senger og enkel standard på Kyrkjestølen. Etter nokre dagar i drift vert det offisiell opning klokka seks fyrstkommande fredag.

– Sigfred Hovda kjem for å fortelje om korleis det var på Kyrkjestølen før i tida, og det vert servert jegergryte med elg frå Valdres, fortel Aagot.

Ho tek i mot påmelding til middag på sms: 905 38 433 i forkant av arrangementet.

Arrangement som dette er noko ho ynskjer å ha meir av på Kyrkjestølen. Det er mellom anna lagt planar for eit «stølskost»-foredrag i august.

Sundag 30. juli er det kammerkonsert i regi av Hilme-stemnet i nabobygget, St. Tomaskyrkja.