Denne veka var aksjonsgruppa «Tunel Kvamskleive E 16 – oppstart no» på synfaring i området. Dei er bekymra over dei enorme ismengdene som heng over vegen og oppmodar alle om å dele bilete og film av situasjonen dei neste vekene.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Lagar rapport om Kvamskleive

Lagar rapport om Kvamskleive

13. april 2018

Aksjonsgruppa «Tunel Kvamskleive E 16 – oppstart no» oppmodar alle om å fotografere og dele bilete frå vårløysinga i Kvamskleive dei neste vekene.

– Snø- og isras er allereie i gong og med den mengda is som skal ned dei neste vekene vert det ei kritisk periode for alle som brukar E-16, seier Tone Grønning Lajord.

Saman med Bjørg Olimb, Arve Wangensteen og Vidar Eltun har ho kjempa for utbygging av Kvamskleive i ei årrekkje.


Det vert registrert om lag 170 større og mindre stein– og isras i dette området kvart år. Dette talet er truleg endå høgre, og aksjonsgruppa oppmodar no alle om å dele bilete og film av tilhøva.



– Last det rett opp i gruppa «Tunel Kvamskleive E 16 – oppstart no» på Facebook eller send til ein av oss i aksjonsgruppa. Vi kjem til å utarbeide ein rapport etter vårløysinga er ferdig og sende til Statens Vegvesen, seier Lajord.

NB: Ikkje dokumenter om det går ut over trafikktryggleiken der og då.

Utsett gong på gong

Aksjonsgruppa for Kvamskleive vart starta opp i 2012, og utbygging har fleire gonger vore på skothald.

– Reguleringsplanen er klar, alle praktiske førebuingar er gjort og i påska vart det gjennomført brannøving på huset som ligg i den planlagte vegbana. Då er det håplaust at det gong på gong vert utsett start for dette prosjektet, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun.

I Nasjonal transportplan (NTP) for 2010-19 låg tunnel gjennom Kvamskleive inne fyrste gong. Då berekna til 280 millionar. No er oppstart sett tidlegast til 2024 med ei kostnadsramme på 660 millionar.

– Prosjektet vert dyrare og dyrare, men det viktigaste her er sjølvsagt å koma i gong før det vert personskade eller at liv går tapt. Samstundes er Kvamskleive både ein flaskehals i daglegtrafikken og ikkje minst i pressperiodar gjennom vinteren når E-16 over Filefjell er einaste farbare fjellovergang, seier Eltun.

Viktig for Noreg

Ny tunnel vil kutte reiselengd og tidsbruk, auke trafikksikkerheita og heilt fjerne det desidert svakaste punktet på E-16 aust for Filefjell.

– I Statens Vegvesen region øst er no Kvamskleive det høgast prioriterte rassikringsprosjektet, men kva hjelp vel det så lenge ein stadig dytter på oppstarten i Nasjonal transportplan? undrar Eltun.

Kvamskleive deler Vang i to og både skuleelevar og barnehageborn i Vang er gjerne forbi her to gongar dagleg.

– I tillegg til all anna persontransport er vegen særs viktig, ja av heilt avgjerande, for å ha ein 100 prosent sikker transportåre mellom austland og vestland 365 dagar i året seier Eltun.

Han minner om at det er av nasjonal interesse å ha ein trygg heilårsveg, noko også vegdirektør Terje Moe Gustavsen har uttala.

Kjempar på

Ordførar Eltun og resten av aksjonsgruppa klokkeklar på at det ikkje er aktuelt å gløyme Kvamskleive så lenge det utgjer ein risiko for bygdefolk og alle vegfarande.

– Vi nytter alle høve og alle kanalar til å sette fokus på dette. Seinast når ny fylkesmann Knut Storberget var innom førre veke var dette ein sjølvsagt del av agendaen.

Dei har fått positive signal frå Statens vegvesen ved Syver Øistuen om at dei tek i mot all rapportering dei kan få på Kvamskleive.

– No lyt alle vera vakne og både dokumenterer og bruke seg sjølv og sine kontaktar for å halde trykket oppe for Kvamskleive, avsluttar Tone Grønning Lajord i aksjonsgruppa.