Nyheit

Landbruksdag i Vang

  Nyheitsarkiv
10. jan 2017
Presentasjonar, utstilling av landbruksutstyr og opent fjøs!

Onsdag 25. januar vert det landbruksdag i Vang på Mjøsvang Kafé! På plakaten står presentasjonar frå mellom anna Innovasjon Norge, Tine og Fjøssystemer. 

Dagen er eit samarbeid mellom Vang Sparebank, Landbrukskontoret i Vang, Innovangsjon og Vang Avløysarlag.

- Landbruket er ein stor næring i Vang med mange sysselsatte. Med landbruksdagen ynskjer Innovangsjon å ta initiativ til at aktørane kan utveksle erfaring, skape nettverk og diskutere utvikling og inntjening i bransjen, seier Dag Inge Bruflot, næringsutviklar i Innovangsjon. 

Program: 

10:00-11:45:
Presentasjonar frå mellom anna Innovasjon Norge, Landbrukskontoret i Vang, Nortura, Reboli, Fjøssystemer, Tine og gardsprosjektet i Vang og Vestre Slidre. 

11:45-12:30:
Lunsj-buffét på Mjøsvang

12:30-14:30:
Utstilling av landbruksutstyr, scooter og ATV frå mellom anna Traktorservice, Lena Maskin, Felleskjøpet, Vang Autoservice, Jon G. Haugen og Øye Bygg og Bo. 

14:30-17:30:
Åpent fjøs hjå Jon Helge Solheimsli og Ola S. Grøv. 

Praktisk informasjon: 

Fri inngang til landbruksdagen, lunsj-buffét 120,-

 

Velkomen!