Nyheit

Laurdagskos på Filefjellstuene

  Nyheitsarkiv
28. mar 2017
  • Fredagskos på Filefjellstuene betyr gode samtalar, musikk, mat og quiz.
  • Oddbjørn Skeie på gitar og Nina Bendiksen på song framfører «Gatelangs i Buenos Aires» på Filefjellstuene laurdag 22. april. Foto: Eva Laila Hilsen.
  • Filefjellstuene stiller med heimelaga empanadas til Laurdagskosen.
Konsert, quiz og argentinsk mat

Det er klart for fredagskos på ein laurdag når Innovangsjon saman med Filefjellstuene inviterer til «argentinsk aften» laurdag 22. april.

– Vi avsluttar vinteren og startar våren med ein latinsk kveld til fjells. Vår eigen Oddbjørn Skeie gjer konserten «Gatelangs i Buenos Aires» saman med skodespelar og songar Nina Bendiksen, fortel Hallgrim Rogn i Innovangsjon.

Konserten vert ei musikalsk vandring gjennom tangohovudstaden Buenos Aires med gitarspel og tekstar både på originalspråket og på nord-norsk.

Kvelden er eit samarbeid mellom musikarane, Filefjellstuene og Innovangsjon. Bygdefolk, hyttefolk og sjølvsagt nye sambygdingar er hjarteleg velkomne til ein triveleg aprilkveld på Filefjell.

– Vi stiller med heimelaga argentinske empanadas og så held vi sjølvsagt baren open heile kvelden, fortel Jolanta Akelaitiene som driv Filefjellstuene.

Program


19:00 Dørane opnar
19:30 Heimelaga argentinske empanadas 
20:30 «Gatelangs i Buenos Aires med Nina Bendiksen og Oddbjøn Skeie»
21:30 Quiz ved Innovangsjon
22:30 Fest i baren på Filefjellstuene

Pris 250,- (Fyrste fredagskos er gratis for nye sambygdingar)

Påmelding til jolanta@filefjellstuene.no eller hallgrim@vangivaldres.no innan 20. april.

18 års aldersgrense.