Nyheit

Lego-verkstad

  Nyheitsarkiv
06. nov 2017
Byggebonanza 15. november

 Onsdag 15. november kl 18 ønskjer vi velkomen til byggebonanza for leikne folk i alle aldrar, på Vang frivilligsentral.

Vi har kjøpt 8000 nye LEGO-klossar med støtte frå Vang bygg, Grindaheim bygg og restaurering, Jotun bygg, Tveitabru bygg, TK totalbygg og Montér Kvismo, og vi håper å fylle biblioteket med byggeglade ungar og vaksne.

På bilete ser de Gebrehiwet, Emilie, Kristiane, Birgit og Marit som testar dei nye LEGO-klossane. Dei er samd om at bygging - det er moro uansett alder! Vi er veldig glade for å ha fått støtte frå byggebransjen i Vang til å kjøpe fleire klossar.

Desse er tilgjengeleg på biblioteket/frivilligsentralen så kven som helst kan site her og bygge når dei vil.

Vi har stor pågang på både playstation og utlån av datamaskinar og Ipad-ar, målet med denne kvelden er å gjere fleire oppmerksam på at LEGO-bygging er eit godt alternativ.