Nyheit

Lokale talent klare for NM i Valdres

  Nyheitsarkiv
21. feb 2018
  • Rikke og Sondre Wangensteen er Vang sine deltakarar i NM i scooterkross på Slidreåsen 9. og 10. mars.
  • NM i Scooterkross betyr full fart på Slidreåsen 9. og 10. mars.
NM på Slidreåsen 9. og 10. mars.

Rikke og Sondre Wangensteen er klare for NM i scooterkross 9. og 10. mars.

– NM på heimebane er stort og vi har båe ambisjonar om å gjera sesongens beste løp denne helga, fortel søskenparet frå Vang.

Rikke på tretten konkurrerrar i klassen «rekrutt 11-14 år«, der ho tidlegare i sesongen har sett standaren og køyrt frå fleire av gutta i same klasse. Sondre på femten høyrer til i klassen «ungdom 14-16 år» og har mellom anna ein sjuande plass får nordisk mesterskap i Sverige tidligare i år på merittlista.

Stor heiagjeng

Med Valdres snøscooterklubb som arrangør og Slidreåsen som arena håper søskenparet på ein stor heiagjeng frå Vang til NM.

– Det er stas for oss og sjølvsagt triveleg for alle som deltek eller er med på arrangørsida at mange lokale tek turen innom.

Ved sidan av foreldra til Rikke og Sondre er mange vangsgjeldingar engasjert i Valdres snøscooter klubb og deltek som funksjonærar på arrangementet.

Også fleire lokale bedrifter er med på sponsorsida (Valdres sparebank avd. Vang, Øye bygg og bo ,YX Ryfoss og Vang Autoservice AS.)

Både Rikke og Sondre har også eigen facebookside der ein kan fylgje med på alt som skjer gjennom sesongen.