_DSC3715.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Mange vil til Vang

Mange vil til Vang

14. desember 2017

Utsyn og armslag er det folk flest ynskjer seg i Vang dei neste åra. Det syner ei rykande fersk bustadundersøking gjennomført av Innovangsjon. 


– Dei fleste vil bu sentrumsnært og med utsyn, men gjerne på småbruk eller på frittliggjande bustadtomt. Det kan vera ei utfordring å møte alle desse ynskja, men saman med grunneigarar, private aktørar og kommunen skal vi gjera vårt beste for at Vang skal tilby attraktive tomter og bustader dei neste åra, seier dagleg leiar i Innovangsjon, Hallgrim Rogn.



Bustadundersøkinga vart gjennomført i november og totalt kom det inn 125 svar.

Flest vil bu spreidd

Faktorar som utsikt, sol, «tett på naturen» og lite støy er viktig for langt fleir enn nærleik til servicefunksjonar og tenestetilbod.

– Det er ein temmeleg tradisjonell tankegang kring bustad hjå hovudtyngda av dei som har svara. Samstundes som det blir ein bra bredde i ynskjer og krav med så mange som 125 svar. Det er nok å ta tak i her framover, seier Rogn.

Standardbustaden frå undersøkinga er bygd i løpet av dei neste tre åra i Vang sentrum på frittliggande tomt. Storleiken er på 120-180 kvm med tre soverom og ein totalkost kring tre millionar kroner. Dei langt fleste vil nytte lokale handverkarar og mange vil også bidra sjølv.

– Det er også interesse for bygging i bustadfelt, tomannsbustader og leilegheiter. For at vi ikkje skal miste innbyggjarar til Fagernes eller heilt ut av regionen og samstundes vera attraktiv for tilflyttarar er vi avhengige av framleis tilgang på byggjefelt-tomter, samt realiseringa av mindre leilegheitsbygg gjerne i både Ryfoss og Vang, seier Rogn.

Gard og småbruk attraktivt

Innovangsjon har jobba aktivt mot dei som ynskjer gard/småbruk det siste året gjennom «Huga på gard», og bustadundersøkinga understrekar at dette er eit reint plussrekneskap for kommunen.

– Seksten personar svarar her svart på kvitt at dei ynskjer å kjøpe ein drivverdig gard i Vang. Samstundes som over halvparten av dei som har svara gjerne kjøper seg eit småbruk som bustad og hobby. Det syner at vi lyt gjera kva vi kan på alle nivå for å unngå at bruk vert ståande tomme, seier Rogn.

Gjennom Huga på gard har ein no temmeleg god oversikt over tomme bruk i Vang og prosjektleiar Anne Live Garvik er i dialog med mange eigarar og særs mange kjøparar.

Har du eit tomt småbruk eller ein gard som er aktuell å selje eller leige ut? Ta kontakt med Anne Live (annelive.garvik@gmail.com//959 36 189)

Auka betalingsvilje for leige

Nesten førti har svara på utleigedelen av undersøkinga. Også her er gard/småbruk og einebustadar som ligg for seg sjølv mest attraktivt.

– I sum er det også mange som kan tenkje seg hus i bustadfelt, tomannsbustad eller leilegheit i leilegheitsbygg. Det er vel og merkje nesten ingen som ynskjer leilegheit i del av einebustad, sjølv om dette er det som oftast kjem på marknaden, fortel Rogn.

Små og mellomstore bustader er mest attraktivt, gjerne med to eller tre soverom. Tre av fire ynskjer å leige umøblert. Sett opp mot førre bustadundersøking i 2014 har også betalingsvilja auka kraftig.

– Seksti prosent er villig til å betale over 5000 for å leige i Vang, mot trettiseks prosent sist. Auka betalingsvilje er sjølvsagt bra for dei som vurderer å byggje nytt eller ruste opp for utleige, kommenterer Rogn.

Mange unge

45 prosent av dei 130 som har svara er kvinner. Også 45 prosent er i alderen 25 - 34 år. Legg vi til 18-24 og 35-44 har vi om lag 80 prosent av dei som har svara.

– Det er positivt at såpass mange såpass unge har ein tanke om bustad i Vang. Vi merkar oss også at vi ikkje har nådd godt nok ut til dei aller eldste. Her har vi fleire erfaringar dei siste åra med personar som vil mot Ryfoss eller Vang sentrum for å «leve enkelt». Dei gardane og husa som kjem på markanden på dette viset er gull verdt for Vang, det syner denne undersøkinga svart på kvitt, seier Rogn.

Ellers er 66 prosent av dei som har svara i parforhold og 30 prosent har born. Samstundes bur godt over halvparten ikkje i Vang per no og nesten åtti av dei som har svara ynskjer å gjere alvor av flyttinga i løpet av dei neste tre åra.

- Dette er ein peikepinn på at vi vil få fleire folk inn enn ut dei neste åra, noko som i seg sjølv er ein god motivasjon for å jobbe med ein attraktiv bustadmarknad i Vang.

Kva skal til for å flytte?


Kva skal så til for at folk som ser mot Vang tek steget og flyttar hit eller tek sats og investerer i ny bustad innanfor i kommunegrensa. 



– Arbeid, arbeid og arbeid. Det er det dei aller fleste er oppteken av. Noko som seier oss at breidde i arbeidsmarknaden og satsing på næringsutvikling er avgjerande for å lukkast framover, seier Rogn.

Det har vore høg aktivitet i arbeidsmarknaden i Vang dei siste par åra, og næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon er tydeleg på at 



– I tilfelle der for eksempel ein av to i eit forhold har fått seg arbeid og tek valet om å flytte til Vang ser vi at det som regel ordnar seg ganske kjapt også for den andre. Med ein open og fleksibel haldning til jobb er utsiktene veldig gode her i Vang, seier Bruflot.

Nest etter arbeid er «fiber» og nærleik til barnehagetilbod dei to elementa som vert oftast gjeve opp for «kva som skal til» for å flytte.

–Den rette bustaden eller relevant arbeid er gode inngangar til Vang. Saman med gode tenester frå kommunen og eit breitt spekter sosiale arenaer meiner vi Vang har det ekstra giret som trengst for å vekse framover, avsluttar Rogn.

————
Har du spørsmål om bustadundersøkinga eller livet i Vang generelt. Kontakt Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn (hallgrim@vangivaldres.no /41 222 769)

Har du spørsmål om arbeidsmarknaden og næringsutvikling i Vang, kontakt næringsutviklar i Innovangsjon, Dag Inge Bruflot (daginge@vangivaldres.no // 958 73 757)