Nyheit

Markerer 150 år med Peer Gynt

  Nyheitsarkiv
02. nov 2017
  • Ragnhild Lund saman med Hanne Melling og Jacob Vigeland på Torsheim i Vang som både er øvingsarena og premierescene for Peer Gynt.
  • Hanne Melling, Jacob Vigeland og Caroline Støyva Eriksen er inne i ei intensiv øvingsperiode fram mot 14. november.
Premiere på Torsheim i Vang

14. november er det nøyaktig 150 år sidan Ibsen publiserte Peer Gynt. Som einaste plass i Noreg og verda er det premiere på stykket denne dagen på Torsheim i Vang.

– Det er ei for stor hending til å ikkje markere det. Vi byrja med øvingar førre veke og det går no i eitt fram til 14. november fortel Ragnhild Lund.

Ho er både regissør og produsent, ja heile motoren bak prosjektet. Med seg på laget har ho tre proffe skodespelarar, Teater Innlandet og ei engasjert bygd.

Barneforestilling

Det er ein barneversjon av stykket som vert sett opp på Torsheim. Omarbeidinga har Lund stått for saman med Bente Lavik.

– Vi snakkar om ein leiken og lett tilgjengeleg Ibsen i denne versjonen av Peer Gynt. Her er mykje humor og samspel med borna, så alt ligg til rette for å vekkje interessa for både skodespel og Ibsen, fortel Lund.

Handlingane byggjer sjølvsagt på originalstykket, noko som betyr eventyr, jakt, mobbing, forelsking, død, troll og draumar i massevis.

Billettar til forestillinga på Torsheim 14. november klokka 18:00 kjøper du hjå Coop Fjellvang til kr. 150,–. Totalt er det 100 plassar til forestillinga.

Heilproffe aktørar

Teater Innlandet støttar oppsetjinga og Lund jobbar no med andre sponsorar for få til live-streaming av premiera. Jacob Vigeland er Peer Gynt, mens Caroline Støyva Eriksen og Hanne Melling tek seg av dei mange andre rollene.

– Dette er erfarne skodespelarar som også kan syngje, noko vi nytter oss mykje av i stykket fortel Lund.

I sum ligg alt til rette for ein heidundrandes Ibsen-fest i Vang.

– Alle på scena er fantastiske folk, samstundes som Torsheim er ein perfekt arena for dette skodespelet, slår Lund fast.

Frå Vang til verda

14. november 1867 vart altså den første Peer Gynt-publikasjonen tilgjengeleg. Ti år før dette reiste Ibsen gjennom Vang, og kanskje har han teke med seg element frå bygda inn i stykket.

– Det er litt artig at fleire av hendingane i Peer Gynt er besynderleg like både Hulabakken, Riddarspranget og andre segn frå Vang, fortel Lund.  

Med generalprøve for Vang mottakssenter og barneskulen før på dagen og premiere med påfølgande fest på kvelden har ballen byrja å rulle for Peer Gynt-oppsetjinga.

– Det er planar om oppsetjingar både andre plassar i Noreg og eit konkret spørsmål om ein tur til utlandet for å spele stykket. Vi startar i Vang og held fram ut i verda dei neste månadane, fortel Lund.