Nyheit

Maskinentreprenør med mange bein å stå på

  Nyheitsarkiv
10. nov 2017
To av eigarane Rune Gjevre og Egil Karlsen saman med avtroppande verkstadleiar John Rogn i midten.
Treng ny verkstadleiar umiddelbart

Lage Gjevre AS befestar posisjonen som største maskinentreprenøren i Vang med solid omsetjing i 2017.

– Det har gått jamnt oppover med omsetninga dei siste åra og det har ikkje vore noko problem å fylle opp i vakumet etter store oppdrag knytt til vegbygginga over fjellet eller nye Vang barne- og ungdomsskule, seier dagleg leiar i Lage Gjevre AS, Egil Karlsen.

Ved sidan av tradisjonell entrepenørverksemd er også Vang rør, Mekonomen Synshagen og løypekøyringa på Tyin-Filefjell viktige delar av drifta føretaket som driv med mottoet «maskinentreprenør med pondus». 


Treng verkstadleiar

Dei siste åra har Lage Gjevre AS bygd opp eit solid kundegrunnlag knytt til bilverkstaden på Synsagen. Denne er ein del av kjeda Mekonomen og John Rogn har hatt fullt ansvar for verkstaden. No flytter Rogn til kjærasten i California og Lage Gjevre AS treng ny verkstadleiar.

– John har sin siste arbeidsdag på tysdag og det har synt seg vanskeleg å få tak i nokon med rett kompentanse, fortel Karlsen. 

Ein driv verkstaden åleine, men er ein del av ei bedrift med sju tilsette og godt arbeidsmiljø. Det er fyrst og fremst arbeid på privatbilar, men også noko vedlikehald på maskinparken til bedrifta i ein romsleg og moderne verkstadhall.

– Vi tilbyr full fleksibilitet til verkstadleiaren, gode lønnstilhøve og tilsetting på dagen om rette personen melder seg, seier Karlsen.

Er du rett person for jobben? Eller veit du om nokon? Kontakt Egil Karlsen (91101928 // post@lagegjevre.no)

 

Køyrer skiløypene på Tyin-Filefjell

Nytt for denne vinteren er at Lage Gjevre AS vann anbodet på løypekøyringa på Tyin-Filejfell.

– Vi har erfarne løypekøyrarar i arbeidsstokken og sidan vinteren er lågsesong i vår bransje gjev dette oss eit høve til å sleppe unna permitteringar gjennom vinteren.

Anders Belsheim og han sjølv vil stå for mesteparten av løypekøyringa med ein tredje tilsett inne nokre helger og feriar.

– Vi er i beredskap og klare til å køyre tysdag, torsdag og heile helga kvar veke frå snøen kjem og til sesongslutt, fortel Karlsen.

Heitt på hyttemarknaden

Mange store offentlege oppdrag har vore motoren i omsetninga dei siste åra, men det betyr ikkje at det har vore roleg på privatmarknaden.

– Hyttemarknaden har vore overraskande bra det siste året for vår del med prosjekt frå Vaset til Eidsbugarden. Særleg artig er det med fire tomteoppdrag berre i sumar i Haugastølfeltet ved Grindafjell, midt i kjerneområdet vårt, fortel Karlsen.

Også i det nye bustadfeltet på Hensåsen har Lage Gjevre stått for veg og infrastruktur. Grindafjell skal i desse dagar i gang med neste byggjetrinn, eit felt med namn Solsteinleie.

– Vi har framleis noko ledig kapasitet på vinterarbeidet, så det er eit oppdrag vi leverer anbod på så fort det kjem ut.