Nyheit

Meistermøte i Vangshallen

  Nyheitsarkiv
16. jan 2018
Humor og store stemmer er stikkord for Nordic tenors. 27. januar møter du dei i lag med Høre mannskor i Vangshallen. Foto: Christin Eide
– Høre mannskor tek i mot Nordic tenors 27. januar

Eit av landets eldste (og beste!) mannskor tek i mot ein sprudlande tenortrio til meistermøte i Vanghallen laurdag 27. januar klokka 19:30.

– Vi har øvd intenst heile hausten fram mot denne konserten og vi gler oss stort til å opptre saman med tenorane i Vangshallen, fortel dirigent for Høre mannskor, Monica Korsli Solberg.

Mannskoret kjem til å gjera nokre glansnummer heilt åleine, men mesteparten av konserten fungerer koret i lag med tenorane.

Nasjonalt namn

Nordic tenors har sjarmert gjennom kombinasjonen store stemmer og lun humor dei siste åra. 

Gruppa består av tenorane Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes, saman med sin eminente pianist Øystein Lund Olafsen.

Dei har tidlegare vunne Komiprisen, vore toastmastrar på slottet, opna Operaen i Oslo og vore på TV fleire gonger i beste sendetid.

I Vangshallen vil dei by på både humor og song, både åleine og i lag med mannskoret.

Eit kor i vekst

Høre mannskor tel om lag 25 songarar til øving og konsert denne vinteren. Det er fleire enn på lenge.

– Det dukka opp fire nye då vi byrja øvingar i haust og vi har jamnt over fleire yngre med enn på lenge. Det vert ei temmelg rå bassrekkje når vi er såpass godt besett med flinke folk, fortel Korsli.

Koret satsar friskt på samarbeidet med Nordic Tenors og håpar på godt oppmøte frå folk i Valdres.