Nyheit

Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen til #vårtnabolag i Vang

  Nyheitsarkiv
29. aug 2018
  • Taha Saeed frå Jemen spelte på festivalen i 2017, og tek turen frå Drammen for å spele arabiske, dansbare rytmer også i år.
  • Frå planleggingsmøte i vår. Frå venstre: Leif Solemsli (Vang mottakssenter), Ingebjørg Blomlie Müller (Vinjerock) Ahmad Mohammed Ali Obo (bebuarrådet), Julie Forchhammer (Vinjerock), Lammi Begna Qajela (bebuarrådet), Bente Dalåker (Vang mottakssenter) og Marte Tangen (Vang frivilligsentral)
Folkefest i sentrum 8. september frå klokka 13

Laurdag 8. september 2018 frå kl. 13 til 17 brakar det igjen laus med #Vårtnabolag - denne gongen i Vangshallen. På scena står mellom anna Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen når festivalen arrangerast for 3. gong i Vang.

Vang Mottakssenter, Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Oslo World står bak eindagsfestivalen der lokale og nasjonale artistar opptrer side om side. Mat frå fire verdshjørne og aktivitetar for borna står også på programmet. 

- Det er stor stas at Oslo World vil gjøre dette sammen med oss for 3. året på rad, og at så mange gode krefter i lokalmiljøet kan lage fest sammen! seier festivalsjef Julie Forchhammer.

Store namn

Senjeværingen Moddi engasjerer seg sterkt i menneskerettigheiter og gav mellom anna i 2016 ut albumet «unsongs», ein samling forbode og sensurerte songar frå verda over. Dei mange reaksjonane på albumet resulterte i at Moddi debuterte i 2017 med den tankevekkande boka «Forbudte sanger». Då Moddi gjesta Vinjerock 2017 leverte han ein av dei mest engasjerande konsertane på festivalen nokon sinne, og me gler oss stort til å sjå han attende i Vang.


Vinjefolk spelte til fest under Vinjerock 2018, og vi reknar med det blir like god stemning på dansegolvet på #vårtnabolag. Gruppa består av åtte folkemusikarar frå inn-og utland, som vart sett saman for å feire Aasmund Olavsson Vinje sitt 200års-jubileum. På #vårtnabolag møter du Vinjefolk i trioformat med skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet) på fele, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo.

Daniel Kvammen spelte for 4000 menneske på «Nattevandring på Gaustadtoppen» for FNs berekraftsmål sist helg, på #vårtnabolag får du høyre låtane i akustisk drakt før han set ut på ein omfattande haustturné. Hallingdølen er mest kjend for radiohitane «Du fortenar ein som meg» og «me dansar ikkje for moro skyld», og hausta ein Spelemann for årets Musikkvideo i 2017 med «Som om himmelen revna».

Naboband og barnekor

Vang barnekor stiller opp i år som i fjor, Oh Mama! Crew snurrar plater og musikarar frå mottaket har i år fått med seg eit skreddarsydd ‘Naboband’ med lokale musikarar. Bebuarane diskar også opp med ei rekke spanande smakar frå heile verda, og aktivitetar for ungane.

- Både tilsette og bebuarar er stolte over å invitere lokalbefolkninga inn på mottaket nok ein gong, seier mottaksleiar Bente Dalåker. – Vi byrjar få erfaring med dette no, så alt flyt litt lettare. Det er stor stas og alltid veldig rørande når folk møtest på tvers av kulturar gjennom mat, prat og dans!

Arrangementet er gratis og ope for alle.