Atle Hovi synte seg som ein kunnskapsrik og dreven foredragshaldar på destinasjonsdagen i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Motiverande destinasjonsdag

Motiverande destinasjonsdag

31. mai 2017

Realisme og evne til justering etter kva marknaden etterspør vart to sentrale stikkord for destinasjonsdagen på Mjøsvang måndag.

– Det vart klart kor viktig produktkunnskap og serviceinnstilling er for opplevinga til dei som vitjar Vang. Saman med gode innspel til satsingar, planarbeid og strategi vart dette motiverande for vidare arbeid for reiselivet i Vang, seier Leif Solemsli.

Han er leiar i Vang-Tyin og Filefjell reiseliv som saman med Innovangsjon inviterte til open temadag om destinasjonsbygging på Mjøsvang Kafé måndag.

– Bygg stein på stein

Atle og Bjørnar Hovi, samt eigedomsutviklar Tord Dieserud Rogne innleia dagen med sine erfaringar frå Beitostølen.

– Hugs alltid på økonomien i det dykk planlegg. Det er mange likviditetsbudsjett som skal gå opp i store prosjekt og alt stoppar opp om det ikkje er pengar å tene, sa Rogne i sitt innlegg. 


Han er eigedomsutviklar på Beitostølen og understreka at realisme er ein føresetnad for god destinasjonsutvikling.

– Bygg stein på stein og følg tett opp kva marknaden faktisk ser etter, avslutta han.

Atle Hovi hadde kundefokus i sitt innlegg og delte villig erfaringar frå utviklinga på Beitostølen frå sekstitalet og fram til i dag. Bjørnar Hovi fokusert fyrst og fremst på heisdrift og utfordringar knytt til dette.

– Det er raust av desse å dele såpass detaljert om suksessfaktorar og erfaringar frå Beitostølen. Det er gull verdt for vidare arbeid her i Vang, sa Solemsli til dei nesten tretti frammøtte.

Siste del av dagen var sett av til diskusjon kring Vang som destinasjon. Unike opplevingar som Kongevegen over Filefjell og Uranostinden var tema fekk mykje merksemd her.