Nyheit

Annette Neshagen til Mountains of Norway

  Nyheitsarkiv
25. sep 2017
  • Annette Neshagen er på plass i ny jobb for Mountains of Norway. Foto: Yngve Ask/Scanout.com
  • Annette er mykje til fjells og har mellom anna stilt opp på foto-oppdrag for sin nye arbeidsgjevar denne sumaren. Foto: Ynge Ask/Mountains of Norway
Skal dra turistar til norske fjell frå base i Vang

Annette Neshagen flytter heim til Vang og styrker staben i Mountains of Norway.

– Ein får nokre moglegheiter i livet ein berre lyt hoppe på, og dette var ein av desse. Eg var aldri i tvil då eg fekk spørsmålet, dette er drømmejobben for meg fortel ein nøgd Neshagen som byrjar i jobben no i september.

Aktive fjellopplevingar 

Mountains of Norway (MoN)er eit samarbeid mellom Visit Valdres, Najonalparkriket reiseliv og Visit Geilo, med mål om å lokke fleire internasjonale besøkjande til fjells.

– Eg gler meg til å syne fram den fantastiske fjellheimen til resten av verda. Spektakulær natur kombinert med kulturell rikdom er noko vi ser ein stor etterspurnad etter både nasjonalt og internasjonalt, seier ein engasjert Neshagen.

Ho kjem frå jobb i Norges Skiforbund og har utdanning frå Westerdals og Norges Idrettshøgskule.

– Med denne jobben får eg bruke det eg kan til å jobbe med det eg verkeleg brenn for; å bidra til å gje folk ekte og unike naturopplevingar, fortel Neshagen.

Hennar hovudansvar i oppstarten er å utvikle opplevingar saman med medlemsbedriftene til Mountains of Norway.

– Annette har både den utdanninga, den erfaringa og det engasjementet vi treng no, seier prosjektleiar i Mountains of Norway, Eirik Høyme Rogn.

Sel til verda frå Vang

Båe dei tilsette i Mountains of Norway har Kontorfellsskapet 1724 i Vang som arbeidsplass.

– For oss er det strategisk viktig å sitja midt i det smørauget vi skal selje. Dette gjev oss ei heilt anna truverde, samstundes som det gjev oss eit høve til å teste ein del av det vi faktisk sel i det daglege, seier Høyme Rogn.

At arbeidsplassen er i heimbygda Vang passer godt for Annette.

Eg har vore mykje i Vang dei siste åra sjølv om eg har budd i Oslo og ser fram til å sleppe pendlinga kvar helg. Saknet etter fjella har vorte sterkare med åra og det kjennast naturleg å flytte heim til Vang no. Det blir også artig å ta del i alt det positive som skjer i bygda om dagen, Vang verkar til å vera inne i eit godt driv, seier ho.

Vil vekse

Med Neshagen på plass er staben i Mountains of Norway dobla. Blir det som dagleg leiar Høyme Rogn ynskjer, stopper det ikkje der.

– All medlemskontigent vi eventuelt får inn av nye medlemsbedrifter vert brukt på å rekruttere nye folk som kan hjelpe oss å selja norske fjell. Potensialet i det vi driv med er såpass stort at eg håpar vi får fleire kollegaer på plass i løpet av det neste året, seier Høyme Rogn.