Dag Inge Bruflot frå Innovangsjon, Kai Rune Hemsing frå Vang næringsforum, Egil Karlsen frå Synshagen Næringspark og Dag Nordsveen frå Kontorfellesskapet 1724 og inviterer til næringspub onsdag.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Næringspub i Vang

09. april 2018

Onsdag klokka 20 er det klart for næringspub på Mjøsvang kafe som eit samarbeid mellom Synshagen næringspark, Vang næringsforum, Kontorfellsskapet 1724 og Innovangsjon.

– Det svingar av det private næringslivet i Vang om dagen og det kan koma mykje godt ut av ein uformell møteplass med næring i fokus, seier leiar i Vang Næringsforum Kai Rune Hemsing.

Saman med Egil Karlsen frå Synshagen Næringspark, Dag Nordsveen frå Kontorfellesskapet 1724 og Dag Inge Bruflot frå Innovangsjon inviterer han altså til næringspub onsdag klokka 20.00 på Mjøsvang kafe.

– Det er ikkje noko fastsett program for kvelden, ut over det å møtast for ein øl og ein prat. Dette er ein slags test og om det er stemning for dette kjem vi til å gjenta det seinare der vi også dytter inn noko fagleg påfyll i tillegg til øl og prat, seier Bruflot i Innovangsjon.

Meir på facebook.