_dsc1989-2.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Næringsutviklaren

Næringsutviklaren

02. januar 2015

I september flytta Bjørn Henrik Stavdal Johansen til Vang og byrja som næringsutviklar i Innovangsjon. – Eg høyrde fleire som meinte eg kom til å treffe på mykje vrange folk i starten, men dei har eg ikkje møtt nok av enno, så dei lyt gøyma seg godt.

 Bjørn er fødd og oppvaksen i Skien og har gjort unna nokre år både i Trondheim og i Oslo før han enda opp på Evenstad i Østerdalen. 


– Etter ei trå periode i Oslo kjende eg med ein gong eg kom til Østerdalen at eg aldri meir skulle bu i ein by. Det var eg rett og slett ferdig med. På bygda føler du at døgnet har 24 timar att, og med litt færre inntrykk å fordøye i løpet av ein dag sit i alle fall eg att med meir overskot, fortel Bjørn.

Etter endt studie innan naturvegleiing i Østerdalen, gjekk turen til Namsskogan i Nord–Trøndelag og rovviltsenteret der.

– Arbeide med å utvikle rovdyrsenteret var utfordrande på fleire nivå og ein fin jobb, men eg merka snart at det vart noko langt til familie og vener på Austlandet.

Løysinga vart altså Vang.

Positive fyrsteinntrykk

Kona Margrethe Fønhus Skeie har familie frå Valdres og gjorde Bjørn merksam på stillingslysinga frå Innovangsjon.

– Eg skal innrømme at eg som mange andre trudde Vang var ein stad på Hedmarken. Men då eg kom køyrande inn i kommunen på veg til jobbintervju kjende eg at dette var ein plass som kunne fungere for meg.

Jobbintervjuet gjekk bra og Bjørn fekk jobben. I september kom han med flyttelasset og etter nokre veker i Lundsmarka flytta han inn kårhuset på Lajord i lag med Margrethe. Ho pendlar mellom Vang og Ås og fullfører ein master i naturbasert reiseliv.

– Både kollegaer og lokalbefolkning har vore ein utelukkande opptur. Eg høyrde fleire som meinte eg kom til å treffe på mykje vrange folk i starten, men dei har eg ikkje møtt enno, så dei lyt gøyma seg godt, fortel Bjørn

Nært på næringslivet

Ei av dei fyrste arbeidsoppgåvene i Innovangsjon var å oppdatere bedriftsbasen her på vangivaldres.no. 


– Det var ei periode der eg fekk inntrykk av at enkeltmannsforetak innanfor byggbransjen var det totalt dominerande i Vang. Bilete vart noko meir nyansert då eg kom lenger ned i lista, men det er tydeleg at mykje hyttebygging har ført til mange og sterke entreprenørar i Vang. At desse framleis er sterke, samstundes som vi får meir fart på servicetilbodet, lyt vera eit mål.


Kva for andre utviklingsmoglegheiter ser du for næringslivet i Vang?

– Tja, det er mykje å ta tak i. Eg er jo opptatt av naturbasert reiseliv og det er i alle fall tydeleg at bortsett frå Tyin–Filefjell er utmarksressursane knapt er nytta til næringsverksemd her. Eg tykkjer også at såpass spesielle attraksjonar som Vangsteinen eller stavkyrkjene kunne vore gjort meir ut av. Elles er det stort potensiale i Kongevegen og alt som er på gang kring den. Eg håpar også dei nye planane for Vang sentrum endar opp med meir næring, då ringverknadane av det er store. Elles merker eg mykje stå-på-vilje, og det er her det aller største potensialet for utvikling ligg.


– Bruk meg


Bjørn byrjar å verta varm i trøya som næringsutviklar. Skal han verta gloheit, er han heilt avhengig av at noverande og potensielle nye næringsaktørar brukar han. 


– Eg er fyrstelinjeteneste for alle som sit med ein ide i Vang. Eg er sjølvsagt med på å diskutere ideen. Samstundes kan eg bistå med å finne fram til korleis ideen kan takast vidare. Kanskje finst det støtteordningar, fagmiljø vi kan spele på eller gode nettverk å knytte seg opp mot. Eg vil oppmode alle om å hoppe av gjerdet og ta kontakt. Eg kan love at same kor fjollete ein ide er så kjem han ikkje utanfor kontorveggane utan at me er einige om det. Hugs at det ofte er dei villaste ideane som vinn, avsluttar Vangs nye næringsutviklar.