Nyheit

NRK følgjer gjenreisinga av Øvre Brekkebakkadn

  Nyheitsarkiv
14. jun 2018
  • Tor-Evert Johansen kjøpte Øvre Brekkebakkadn i fjor. No følgjer NRK og «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» gjenreisinga av plassen.
  • Det vert fleire opptaksdagar både i sumar, vinter og neste sumar i Øvre Brekkebakkadn.
  • Det er litt av ei oppgåve Tor-Evert no skal i gang med. Her står han på eit av romma på driftsbygningen.
  • Fotograf Ole Andre Rekkedal og Journalisten Noralv Pedersen i prat med Tor-Evert.
  • Med bratt og temmeleg dårleg veg opp til Øvre Brekkebakkadn fann NRK det lurast å parkere nede ved bygdevegen.
«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» på skjermen i 2019

«Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» filmar gjenreisinga av Øvre Brekkebakkadn.

– For oss er Tor-Evert og Øvre Brekkebakkadn bortimot eit draumeutgangspunkt for eit program. Både på grunn av han som type, altså at han er både reflektert og praktisk, og Øvre Brekkebakkadn i seg sjølv, seier programleiar Arve Uglum for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Programmet er ein av dei største suksessane frå NRK nokon gong og har gått fast sidan 2002. Neste år skal programmet frå Vang og Øvre Brekkebakkadn på skjermen. 

– Det er eit formidabelt prosjekt å ta ta i plassen slik Tor Evert gjer. Tungvint og vanskeleg, nett slik me likar det, seier Uglum.

Gjenreisinga i gang

Denne våren har Tor-Evert ferdigstilt handverksutdanning på Hjerleid skole og håndverkssenter på Dovre. Han har samstundes vore fleire turar i Vang med flyttelass og i slutten av juni er han på plass for fulltid for å byggje ein heim og ein arbeidsplass.

– Eg har ikkje det største komfortbehovet, men eg vil helst ikkje vakne i vinter med frostskadar på tærne. Det betyr at eg lyt få på plass eit isolert krypinn, ordne toalettfasilitetar, vatn og varme.

Det står i dag eit våningshus og eit uthus i Øvre Brekkebakkadn. Sjølv om det vil krevje mykje arbeid ynskjer Tor-Evert å bevare og behalde båe bygningane.

– Planen er å setja i stand våningshuset neste sumar og eg søker kulturminnefondet om støtte til dette. På låven er ein liten laftehall og eit treverkstad ein draum.

Målet er å ikkje knytte seg til straumnettet, men bruke mykje handverkty, leve enkelt, jobbe smart og unngå alt for mykje stimuli.

– Så får vi sjå om eg endrar meining om eit år når eg har sett realiteten i auga.

Dugnadsfestival

Dei tre sist vekene i juli inviterer Tor-Evert venner, bygdefolk og andre interesserte til Dugnadsfestival.

– Det handlar sjølvsagt om å få gjort mest mogleg på plassen på temmeleg kort tid, samstundes som det er like viktig å få folk opp på garden og vise kva for fantastiske moglegheiter det er der. Det er mykje meir spanande å få til noko saman, seier han.

Festivalen er rusfri med litt program både morgon og kveld, kombinert med felles måltid og gode arbeidsøkter. Mot slutten av festivalen og sumaren vert det også eit seminar om gardsfellesskap.

– Kven veit, det kan jo føre til at fleire flott folk ynskjer å koma til Vang, seier han.

Ein aktiv del av bygda

Sjølv om Øvre Brekkebakkadn er ein av dei meir krøkkete plasserte gardane i Valdres, har ikkje Tor-Evert nokon plan om å isolere seg oppi lia ovanfor Kviismoen.

– Det er viktig for meg at garden blir ein del av Vang og Valdres. Eg har fått Brekkebakkadn for ein rimeleg penge, difor vil eg arbeide for å gje noko tilbake til kommunen meir enn berre skattepengane, seier han.

Akkurat no anar ikkje Tor Evert akkurat kva Øvre Brekkebakkand skal bli, men han håpar Dugnadsfestivalen og innspel frå interesserte og bygdefolk kan vera med på å peike retning.

– Det kan verta ein eksotisk plass for både mine vener og byfolk å koma ein stund for å roe nervane. Eller ein plass der bygdefolk og andre kan koma på ein kaffi. Det er jo ein gamal stølsveg til Syndin som går forbi her, den hadde det vore artig å få rydda opp og halde ved like.

Vil lukkast

Fallhøgda kan vera stor når ein går på eit heftig reetableringsprosjekt med NRK og ein million sjåarar som fluger på veggen.

– Eg har tenkt ein del på at dette og målet er at eg skal vera så ærleg som mogleg om kva eg vil og kva som skjer, seier han.

Akkurat no er målet å lage seg eit levebrød og liv i Øvre Brekkebakkadn og Vang.

– Det er så vakkert der oppe og det er ein plass eg kan læra så utruleg mykje av, så kvar fiber i kroppen er konsentrert for å lukkast. Så får vi håpe eg ikkje lyt forlate plassen i rein desperasjon, avsluttar Tor-Evert.