1400186_10153391794340711_1943067126_o.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny Innovangsjonsminister

Ny Innovangsjonsminister

03. juni 2015

Hallgrim Rogn (30) tek over som «Innovangsjonsmininster» frå 6. juni.

– Det å no kunne legge sjela mi i Vang og Innovangsjon er på mange måtar ein draumejobb. Her får eg kombinert det eg brenn for med det eg har lært meg gjennom utdanning og arbeidsliv, seier Rogn.

Han har vakse opp i Vang og har eit «brennande engasjement for kommunen» som han sjølv seier. Han har journalistikkutdanning i botn og arbeidserfaring frå NRK og Den Norske Turistforening. Jula 2013 flytta han heim til Vang og starta enkeltpersonforetak. Etter det har arbeida som frilansar og i eit vikariat for Innovangsjon.

Grundig prosess

– Etter ein god søknadsprosess og intervjurunde for dei aktuelle kandidatane, er det gledelig å presentere vår nye Inovangsjonsminister seier Steinar Frøyen i styret til Innovangsjon.

Saman med styremedlem Eli Belsheim og styreleiar Torstein Lerhol har han gjennomført tilsetjingsprosessen.

– Det er fint for Innovangsjon å erfare at interessa for stillinga som minister har vore god, og at innovativt arbeid i ei kommune som Vang er attraktivt, legg Frøyen til.

Det siste året har styreleiar Torstein Lerhol vikariert som leiar for Innovangsjon. Han trekk seg i løpet av sumaren frå begge verv og ynskjer å legge ned innsatsen for Vang som politikar.

Klare mål

Bygdeutviklingsselskapet Innovangsjon jobbar mot at Vang kommune skal nå 1724 innbyggarar innan år 2020. Den nye Innovangsjonsministeren har god tru på å nå målet.

– Arbeid, bustad, blest og møteplassar er gode arbeidsområde for å gjera Vang attraktiv for alle. Når det er sagt er vi tydelige på at vi ikkje har nokon fasit, og vi tek til oss alle gode innspel og justerer kursen etter desse, understrekar Rogn.

Han kjem til å bruke ein del energi på å gjera Innovangsjon meir relevant for alle i Vang.

– Eg trur Innovangsjon skal skryte meir av det vi får til. Eg opplever at folk i bygda er gode til å dytte fram kommunen og kvarandre. Folk som ynskjer å satse på eigen næring vert applaudert. Men mange ser ikkje relevansen i det arbeidet Innovangsjon gjer. Her lyt vi verta flinkare til å skryte av oss sjølve. Vi gjer ein heilhjerta innsats for Vang og kan syne til gode resultat på mange område, seier Rogn.

Innovangsjon er finansiert gjennom støtte frå Vang kommune, som bruker mykje av næringsfondet sitt på satsinga.

– Det er mange i Vang som rynker på nasen over denne prioriteringa. Sjølvsagt er det lett å gjera det når kronene ikkje vert fordelt som før. Eg meiner då at ein misser heilskapen i satsinga. La oss seie det vert sett opp ei ekstra hytte i Vang dette året på grunn av omdømme-arbeidet Innovangsjon gjer. Eller at ein ekstra familie flytter hit fordi dei finn hus gjennom nettsida og har nokon å diskutere flytteplanane med. Meir skal ikkje til for at rekneskapen er i pluss for kommune og næringsliv, seier Rogn.