Nyheit

Ny konsert i Heensåsen kyrkje

  Nyheitsarkiv
27. jun 2017
«De siste ord» i samarbeid med Valdres sommersymfoni

Nok ein gong kan vi i Vang ønske velkommen til ein flott konsert i samarbeid med Valdres sommersymfoni. Sundag 2.juli kl 19.00 i Heensåsen kyrkje kjem mellom anna Sandra Lied Haga-cello og Guro Kleven Hagen-fiolin!

- Det er kjekt at vi og i år får besøk veldig gode musikkarar frå Valdres sommersymfoni, seier rektor for kulturskulen i Vang, Oddbjørn Skeie. 

I tillegg til dei som er nemnt tidlegare så kjem Franziska Hölscher- folin, Nora Taksdal - bratsj og Ernst Simon Glaser - cello.

– Det vert også spennande med vårt lokale innslag, Marit Andrisdotter Kvam, som vil spele munnharpe.

Vi får då eit stort spennvidde i vår konsert der norske folketonar startar, vi får vidare høyre verk av komponisten Gyorgi Ligeti (1923-2006) og Franz Schubert (1797-1828). Heensåsen kyrkje har fått eit godt ry på seg som eit fantastisk lokale for artistane å halde konsert i, og publikum har og sett pris på atmosfæren i lokalane på Åsvang.

Konserten er arrangert av Valdres sommersymfoni i samarbeid med Vang kommune og Heensåsen sokneråd.