Nyheit

Ny næring på agendaen

  Nyheitsarkiv
23. jun 2017
  • Frank Thune, Geir Morten Sveberg og Bøye Kvale representerte Fjellheim panorama på næringsfrukosten.
  • Næringsfrukost i Vang er ein uformell møte- og informasjonsplass for næringsdrivande i Vang.
  • Steffen Tronrud Jevne er Valdresøkonomane sin mann i Vang og informerte om kva dei tilbyr.
  • Innar Veri har starta opp målarfirma i Vang denne våren og har allereie fått fleire oppdrag.
  • 20 personar var på plass på siste næringsfrukost før sumaren.
Innhaldsrik næringsfrukost

Fleire nye bedrifter og initiativ presenterte seg på næringsfrukost i Vang onsdag.

Regnskap, bustadutvikling, filmproduksjon, måling og plastgjenvinning var næringsområdet for bedriftene som presenterte seg på Mjøsvang kafe.

Kommunedelplan for Tyinkrysset

Saman med utbygging av vassverk var kommunedelplanen for Tyinkrysset hovudtema i innlegget frå Rådmann Reidar Thune.

– Målet er at alt kjem på plass med kommunedelplanen i løpet hausten så vi kan lyse ut arbeidet med vassverket ved årsskifte, med byggjestart når snøen går.

Destinasjon Vang

Saman med gode skivener frå Sogndal pitcha Knut–Hendrik Lajord eit ynskje om å lage skifilm frå Vang.

– Eg har vore ein del rundt og konkludert med at Vang rett og slett er utruleg bra for skikøyring og den nye folkesporten randonne. Dette må ut i verda og vi har med dei beste folka både bak og framfor kameraet, fortalde han.

Målarfirma til Vang

Vang har mangla målarfirma dei siste åra. Det har Innar Veri registrert, og tidlegare i vår starta han opp eigen bedrift.

– No fyrst er tek eg elle typar måleoppdrag, men til hausten vert det også sliping av golv, fortalde Veri som faktisk hadde fått inn to oppdrag dagen før.

Valdreøkonomane etablert

Dei siste månadane har Steffen Tronrud Jevne frå Valdresøknomane arbeida på Kontorfellesskapet 1724 to dagar i veka. Firmaet ynskjer å byggje opp ein kundebase til ei fast stilling i Vang, og dei meiner dei har det som trengs.

– Vi har løysingar for dei som kjem med bilag i plastpose og vi har løysingar for dei som vil køyre heildigitalt. Samstundes har vi eit stort fagmiljø i bedrifta og er konkurransedyktige på alle område, sa han.

Foreløpig er Valdres-økonomane på 1724 tysdagar og torsdagar.

Fjellheim panorama

Allereie fyrst i august er dei to fyrste leilegheitane på Fjellheim panorama klare til bruk. Den gamle leirskulen vart i vår kjøpt opp av fire lokale handverkarar som ynskjer å utvikle eigedomen til bustader.

– Det blir mange kveldar og helger i sumar, men vi satsar på å vera klare til starten av august ja. Vi ser på løysingar for vatn og avløp til området, samt moglegheiten for å ordne fleire bustader. Mellom anna er to av oss i prosjektet interessert i å byggje hus der, fortalde dei. 


Frank Thune, Kenneth Eltun, Geir Morten Sveberg og Bøye Kvåle er gjengen som har starta opp Fjellheim panorama.

Industrivekst Vang

Steg for steg kjem det nærmare ein oppstart for Industrivekst Vang. Tom Kjetil Tørstad var på plass frå styret og informerte om framdrifta.

– Tomta er hogd, men vi har ikkje nokon dato for oppstart. Vi arbeidar med utenlandske investorar og alternativ for prøveproduksjon.

Avslutningsvis oppdaterte næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon nokre av prosjekta Innovangsjon har arbeida med.

Vi kjem tilbake til fleire av desse etableringane og prosjekta seinare på vangivaldres.no