Dag Inge Bruflot kjem med brei nasjonal erfaring til jobben som næringsutviklar i Vang.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ny næringsutviklar (1)

Ny næringsutviklar

15. september 2015

Dag Inge Bruflot er tilsett som ny næringsutviklar i Innovangsjon. Med brei bakgrunn frå både nasjonalt og internasjonalt næringsliv, samt nykjøpt bustadhus i Vang, er føresetnadane på plass for å lyfte næringslivet i bygda.

– Familien har hatt hytte i Vang sidan syttitalet og vi har brukt mykje tid her heile tida. No fann vi ut at tida var inne for å ta steget og flytte til Vang, og eg ser fram til å jobbe for felles vekst og utvikling i kommunen, fortel Bruflot.

Han er vaksen opp i Årdal, men flytta til Fagernes i 1977. Då hadde familien allereie hatt hytte på Filefjell i seks år. Sidan gjekk turen til Asker og seinare Lierskogen der han no i haust selde hus. Til Vang flytter han med kona Wenke-Nina Bruflot, som arbeidar som sjukepleiar. Dei to ungane er ute av redet, men tre fuglehundar er med flyttelasset til fjells.

Næringsutvikling som spesialfelt

Økonomi, leiing og strategi er tre stikkord for CVen til Bruflot. Den inneheld mellom anna fleire år som buissness controller og rekneskapsleiar for Ikea Norge, samt oppstarten av Acer computer. Ei bedrift som på få år runda milliarden i omsetjing med Bruflot i ei leiarstilling.

– Det viktigaste eg har med meg frå desse bedriftene det at vi klarte å gjennomføre det vi hadde bestemt oss for, og at dette igjen gav god meiromsetjing og solide resultat, fortel Bruflot.

Dei siste åra har han vore «managment for hire», der han har vore involvert i fleire omstillingsprosessar hjå ulike bedrifter. Med gode resultat.

– Det handlar blant Anna om å finne dei gode historiene til både ei bedrift og ei kommune. Identitet, omdømme og gode synergiar. Litt av det har dykk vore gode på i Vang og det skal vi verta endå betre på, meiner Bruflot.

Den fyrst tida i stillinga vil han bruke til å bli kjent med næringslivet i Vang. Fyrste høve til det vert på næringsfrukost i regi av Innovangsjon og Vang kommune 6. oktober. Mjøsvang kafé 09:00 er det som gjeld - hit er alt av næringsdrivande i Vang velkomne.

Tek eigne vurderingar

Bruflot kjem til Vang med eit allereie breitt kontaktnett. Ikkje berre i Vang, både vestover og i resten av Valdres kjenner han mange.

– Eg er ein omgjengeleg type. Både i forhold til folk og bedrifter rundt meg tek eg mine eigne vurderingar. Rykte høyrer ikkje på, seier han. Av andre personlege eigenskapar nemnast alt frå traust til sprudlande, kreativ og humoristisk når ein blir bedt om å skildre Bruflot. Sjølv påstår han att han til tider er litt rotete.

– Ein konsekvens av det er at eg handterar kaos på ein god måte!

Elles er motivasjon, engasjement og resultat er stikkord for kva Bruflot ynskjer å oppnå hjå alle han samarbeidar med.

Dyrke jobb og fritid

I Vang ligg alt til rette for ein utfordrande arbeidskvardag og velfylte fridagar. Det er den enkle grunnen til at Bruflot og kona har gjort vangsgjeldingar av seg.

– Friluftsliv av ulikt slag er stikkord for mykje av det eg gjer på fritida. Trening av fuglehundar er den store lidenskapen. Her driv eg både med konkurrering og småskala avlsarbeid, fortel Bruflot.

Rypejakt er med andre ord ei stor interesse. Elles strekker interessefeltet seg frå skiløping til jazz.  Han har mellom anna traktert slagverk i mangt eit band opp gjennom åra. Og så tidleg som i 1980 kjørte han Skørsnøse på smale ski.

–  Ned der køyrer eg ikkje på såpass smale ski i dag, altså. Skia er heldigvis breiare no, så sånt er eg ferdig med.

Næringsutvikling er han derimot på ingen måte ferdig med, og optimismen i det han byrjar i stillinga er stor. Det skal ikkje skorte på engasjement og pågangsmot.

– Vekst er einaste alternativ for Vang. Stagnasjon og nedgang er uaktuelt, avsluttar Bruflot.

Eit løft for bygda

Saman med Innovangsjonminister Hallgrim Rogn utgjer Bruflot no eit tospann som skal jobbe knallhardt for vekst i bygda dei neste åra.

– Vi har god tone og mykje dei same haldningane til både vekst og Vang. Saman med eit svoltent næringsliv, framoverlente politikarar, og ei engasjert bygd, trur eg vi har eit særs godt utgangspunkt for å få til mykje bra i Vang dei neste åra, seier Rogn.

Han meiner det er eit klapp på skuldra til Vang og Innovangsjon å få ein ressursperson som Bruflot til bygda.

– Med dei resultata Dag Inge har å syne til frå store næringsaktørar ligg alt til rette for å løfte næringslivet i bygda dei neste åra, avsluttar Rogn.