Kristian Vedøy er mannen bak Vedøy IT, eit nystarta foretak som tilbyr tenester til både privat– og bedriftsmarknaden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt IT-firma

Nytt IT-firma i Vang

30. mars 2016

Kristian Vedøy har starta opp IT-bedrift som siktar seg inn mot fleksible og rimelege løysingar for både privat– og bedriftsmarknaden.

– Hovudfokus for Vedøy IT er frå dag ein at kunden skal verta fornøgd. Det gjeld både driftsikkerhet, brukarvennlegheit, pris og oppfølging, fortel Vedøy.

Han har ein stor pasjon for faget, samt formell utdanning og arbeidserfaring frå bransjen.

– Etter endt skulegang vart det læretid hjå bedrifta Evry i Stavanger. Dette er landets største IT-selskap, og eg fekk brei IT-erfaring gjennom tida her. 

Etter at han og kona flytta til Vang i 2013 har han mellom anna jobba for Vangs-firmaet Leodesk AS, før han no altså satsar for seg sjølv.

– Eg ser potensiale både hjå private og bedrifter i Valdres og kjem til å ta på meg eit variert sett med jobbar. Her ligg nivået heilt frå hjelp til installering av program til større server- og oppgraderingsjobbar, fortel Vedøy.