Nyheit

Nytt lys på Tyinkrysset

  Nyheitsarkiv
30. nov 2017
  • Elektromontasje AS har stått på dei siste dagane for å montere nytt lys i lysløypa på Tyinkrysset.
Spleiselag for lysløypa

Lysløypa på Tyinkrysset er under oppgradering i desse dagar etter initiativ får næringslivet på Tyin-Filefjell.

Gamle armatur i lysløypa vert bytta ut med topp moderne og energisparande ledlys.

– Etter at dette vart sett på agendaen tidlegare i haust kom både næringsliv, utbyggjarar og Fjellets fellsgodefinansiering på banen i løpet av kort tid og nok kroner til å koma i gang vart lagt på bordet, fortel Torstein Grøv som er ein av fleire initiativtakarar.

Etter det har Tyin-Filefjell fått ein solid sesongstart med gode snøtilhøve og mykje folk.

- Det var berre å snu seg kjapt her. Monteringa starta førre veke og vi er ferdige til denne helga, seier Grøv.

På finansieringssida står det framleis att om lag kr. 50.000 som initiativtakarane håpar kjem på plass over helga.

– Dette er starten på ein auke i langrennstilbodet på Tyin-Filefjell. Målet er ei større lysløypeutbygging i løpet av 2018/2019. Dette vil krevje mykje arbeid, men kan også løyse ut tippemidlar. Vi er motivert for å leggje ned det arbeidet som trengst for at det skal verta bra, avsluttar Grøv.

Filefjell og Tyin AS, Tyin Filefjell utvikling AS, Jotunheimen Eiendom AS, Joker Tyinkrysset, Teknisk Montasje og Vedlikehald AS, Elektromontasje AS, Tyin Hytteservice AS, Grøv Seter og Fjellets fellesgodeFinansiering (FFF) har til no bidrege med nesten kr. 110.000.