Folk frå Elektrisk installasjon, Vang bygg, Lage Gjevre, og Tyin VVS  framfor det nye reinseanlegget ved Fløgstrøndfjorden.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Nytt reinseanlegg

Reinseanlegget på Tyin-Filefjell teke i bruk

10. februar 2017

Dei fyrste hyttene er no kopla på det nye reinseanlegget på Tyin-Filefjell. Anleggsarbeidet er i i stor grad utført av lokale entreprenørar og destinasjonen har no eit reinseanlegg med kapasitet for framtida.

– Reinseanlegget vert starta opp denne veka og dei nærmaste hyttane kopla på. Resten av eksisterande hytter og leilegheitsbygg vert kopla på den neste månaden, fortel VA-ingeniør i Vang kommune, Halvor Eggen Pettersen.

Det nye anlegget er bygd ved Fløgstrøndfjorden, eit lite stykke ned i dalen i høve til sentrum på Tyinkrysset. Dette betyr at attraktivt sentrumsareal kan planleggjast for utvikling, og at anlegget har godt med fall frå hytter og leilegheiter i området.

– Vi er ute etter mest mogleg sjølvfall og då var det ikkje berre å kople seg på ved det gamle anlegget. Vi hentar frå litt ulike plassar og det er greve over to kilometer med røyr dei siste par månadene, fortel Pettersen.

Lokale entrepenørar

Biovac Environmental Technology AS har stått for prosjekteringa av det nye reinseanlegget. Dei har heile vegen vore tydelege på at lokale entrepenørar var viktig for å klare å byggje til anbodsprisen. Ein pris som for øvrig var 10 millionar lågare enn det næraste konkurrerande anbodet.

– Samarbeidet med lokale entrepenørar har vore godt heile vegen og vi har no fått eit framtidsretta og særs miljøvennleg reinseanlegg til ein god pris for kommunen, seier Pettersen.

Elektrisk installasjon, Vang bygg, Lage Gjevre, Tyin VVS og Krohn maskin har alle vore involvert i arbeidet. Ein heldig konsekvens av låg pris og godt samarbeid er at forbrukarane i Vang ikkje vert belasta med avgiftsauke for det ny anlegget.

Oppryddingsarbeid

På seinvinteren vert det gamle biodamanlegget sett ut av drift, og når snøen er borte byrjar oppryddingsarbeidet.

– Vi skal enkelt og greit sette området tilbake til den standen det var før anlegget vart etablert. Alt slammet vert teke opp og tørka i ranker. Når det er tørt kan det brukast til jordforbetring, fortel Pettersen.

Også ved det nye anlegget vert forsumaren brukt til pynting og rydding.