_DSC7708.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Offentleg badstove

Offentleg badstove og grillplass i sentrum

14. april 2015

Hausten 2014 tok NTNU kontakt med Vang kommune og Innovangsjon for å sjekke moglegheitene for eit samarbeid. No på fredag står ei open og offentleg badstove klar nede ved Vangsmjøse, til glede for både vangsgjeldingar og besøkjande.

– Det er artig med prosjekt som har kort veg frå idé til ferdig resultat. Ekstra artig er det med eit prosjekt der såpass mange bidreg for å få til eit trivselstiltak for bygda, fortel blestminister i Innovangsjon, Hallgrim Rogn, som har har vore lokal kontaktperson for NTNU-arkitektane.

NB: Offisiell opning av badstova vert fredag klokka 12:00. Coop Fjellvang byr på grillpølser og Vangsmjøse på nokre grader i vatnet. Badstova er varm og véret er lova godt :-)

Eit fellesprosjekt

Bakgrunnen frå initiativet frå NTNU er engasjementet kring utvikling i Vang sentrum dei siste par åra. Med både masteroppgåve og moglegheitstudie om sentrum, tykte Marius Waagaard, som no er lærar ved NTNU, at det kunne høve med eit lite bygg i sentrum.

– Fyrste tanke var buss–skur oppe ved Vang Mottakssenter, men der sette Statens Vegvesen ned foten. Neste idé som dukka opp var ein grillplass og badstove nede ved Vangsmjøse, noko som heldigvis let seg gjennomføre, fortel Waagaard.

Med utgangspunkt om at storleik og fundamentering laut vera innanfor grensa for «midlertidig bygg» held arkitektklassen ei teiknekonkurranse tidligare i vinter. No i vår har dei stått for all prosjektering og oppføring av sjølve bygningen. Men dei hadde aldri klart det utan hjelp frå mange hald.

– Norsk Massivtre og Begna Bruk stiller med gratis material og hall for prosjektering. Kvismo sag har gjeve utruleg gode prisar på badstoveomn og tilleggs-material. Mens Bjørn Hammerstad ordna transport av elementa frå Begnadalen til Vang. Samstundes har Vang Energiverk kome med stokkar til fundamenteringa, mens Nils Bjarne Wangensteen brukte ein dag med minigravar for å få dei i bakken. Oppå det heile har Lage Gjevre AS trylla fram ein perfekt skiferstein frå Herredalen til å ha under badstoveomnen, Valdres tak og ventilasjon AS har fiksa plater kring omnen, mens Kosa Seg AS låner ut bål-panne. Overnatting medan studentane er i Vang syter Bøaflaten Camping for på beste vis, fortel Rogn.

På trass av at mange dreg saman for å få til badstova, vert det nokre utgifter ved prosjektet. Difor er det søkt om tilskot til «forskjønnings– og trivselstiltak» hjå Vang kommune, samstundes som marknads-gruppa til Vang Sparebank har vore framoverlente og positive til prosjektet og løyva støtte på 15.000 kroner, informerer Rogn.

Open for alle

Konseptet for badstova og grillplassen er altså at han er open for alle. Det betyr at folk må klare å hive søpla på rett stad, ikkje bryte bålforbodet (men bruke kol på bålpanna om sumaren) og anten betale for ved til badstova i ei eiga vedkasse, eller etterfylle det dei bruker.

– Her vert ikkje lås på døra, for å seie det enkelt. Vi har trua på at folk bruker anlegget på ein god måte, men vi kjem sjølvsagt til å følgje med på korleis det går, fortel Rogn.

Han opplyser også om at arkitektane har vore særs gode til å tenke på dei som ikkje vill i badstova. Her er nemleg rikeleg med sitjeplasser for ei roleg stund med majestetisk utsikt.