Nyheit

Opningsfest heile helga

  Nyheitsarkiv
29. nov 2017
  • Monica Litangen og Tom Kjetil Tørstad satsar saman for bygda og opnar ny Joker Ryfoss 1. desember.
  • Anders Hermunstad byggjer ut Joker-butikken på Tyinkrysset og inviterar til opningsfest fyrste helga i desember.
  • Dagleg leiar Sven Richard Møller ved Intersport Filefjell ser fram til å auke vareutval og trivsel i butikken med 80 ekstra kvadratmeter butikk frå desember av.
Joker Ryfoss og Joker Tyinkrysset opnar

Båe Joker-butikkane i Vang har snorklypping og opning fredag. Samstundes er det klart for «Julegateøfning» i Ryfoss fredag kveld, mens det laurdag er julemarknad på Joker Tyinkrysset.

Klokka ti opnar Joker Ryfoss dørene, mens det klokka to er offisiell opning klokka for Joker på Tyinkrysset. Båe plassar vert det snorklypping, underhaldning og sjølvsagt gode tilbod.

Julegateøfning i Føsse

I Ryfoss vert opningsdagen avslutta med den tradisjonelle «Julegateøfninga» klokka seks. Då vert alle lysa i julegata slått på, før det vert underhaldning, nissemarsj og gåveutdeling.

– Når alle stiller og gjer sin dyst, er det berre moro å vera med fortel Inger Kongslien Tveit i arrangørgjengen.

Butikkane, treningssenter, frisørsalong og Sara`s kafe held ope til klokka åtte med gode tilbod.

Det er Høre Røde Kors, Ryfoss Vel, Høre/Ryfoss il, YX Ryfoss, Joker`n, Annema frisør, Ryfoss treningssenter, Belindas hud og velvære og Sara`s kafe som står saman om arrangementet, mens Høre mannskor er på plass for å synge.

Julemarknad på Tyinkrysset

Laurdag er det klart for den tradisjonelle julemarknaden på Tyinkrysset. Her er fleire lokale mat- og handverksprodusentar på plass med sine varer.

– Bodane opnar klokka tolv. Det vert fakkeltog klokka tre, og halv fire kjem nissen, fortel Anders Hermunstad, dagleg leiar for Joker Tyinkrysset.

Han har ellers gode tilbod gjennom heile opningshelga og det same gjeld Intersport Tyinkrysset.