Nyheit

Programmet spikra til Innovangsjonsdagen

  Nyheitsarkiv
30. jan 2018
Vang og vangsgjeldingar i fokus

Alle detaljar er no på plass til Innovangsjonsdagen laurdag.

DAG (GRATIS)

10:00-12:00 Open Vangshall - Gratis klatring, bading, hallaktivitet og styrkerom.
11:00-12:20 Snøggmøter i foajeen - Ordførar, rådmann, etatsleiar for skule, kultur og integrering, økonomisjef, helse-og omsorgssjef, Innovangsjon, Frivilligsentral.
12:00 Velkommen og lønsj ved Solbjørg Kvålshaugen 
12:25 Velkommen, kulturinnslag og kort info ved konfransierar Ole og Knut Aastad Bråten.
12:30 Vang og Innovangsjon 2011 - 2018 - 2020 – Ved Innovangsjonsminister Hallgrim Rogn.
12:50 Nye og gamle vangsjgjeldingar – Korleis opplever urvangsjgjedlingen Vang anno 2018? Og dei som har vore her nokre år eller månadar? 
13:35 Næringsdebatt - landbruk med Ola.S Grøv, Ida Østvold, Tyinlam.
13:55 Pause - Kaffi, saft, kurv, flatbrød og frukt.
14:15 Næringsdebatt - bygg og anlegg med Egil Karlsen, Marianne B. Berge og Kjell Magne Kvale.
14:35 Næringsdebatt - handel og turisme med Rene Berg, Øystein Opdal og Arve Wangensteen.
14:55 Næringsdebatt - nye næringar med Ragnhild Lund, Ingeborg Lunde og Erlend Eggen.
15:15 Vangsdebatten med Solbjørg Kvålshaugen, Marit A. Kvam, Vidar Eltun, Ingebjørg Vik Laugaland og Mette Rogne.
16:00 Dagtidprogram slut Heim for lett middag, fjøs, ungelegging og ein beinstrekk.

KVELD (CC 190,-) påmelding til hallgrim@vangivaldres.no 

19:30 Dørane til Innovangsjonsfesten 2018 opnar øl frå Små Vesen, raud og kvit vin.
20:00 Lokalmatbuffet ved Solbjørg Kvålshaugen – Ståande buffet - alt står framme til det er tomt
21:00 Vangsquiz ved Innovangsjon
22:00 Konsert/fest/dans ved Jogeir Dae Mæland med band
01:30 Innovangsjonsdagen og festen er slutt Vel heim.