Nyheit

Regionalt samarbeid og bustader på agendaen

  Nyheitsarkiv
13. des 2017
  • Vidar Eltun informerte dei 25 frammøtte på næringsfrukost om den kommunale agendaen.
  • Bedriftsrådgjevar Eli Belsheim hjå Valdres sparebank informerte om kva den nye banken kan tilby næringsdrivande.
Visit Valdres, Valdres sparebank, Vang kommune og Innovangsjon informerte

Visit Valdres og Valdres sparebank informerte på siste næringsfrukost før jul i Vang torsdag, mens Innovangsjon la fram hovudtrekka fra ein rykande fersk bustadundersøking.

– Eit samla næringsliv i Valdres er til det beste for regionen og vi ynskjer fleire medlemmar frå alle næringar i Vang, sa styreleiar i Visit Valdres, Leif Solemli.

Saman med dagleg leiar Erik Engelien og dagleg leiar i Valdres Natur- og kulturpark, Jørand Ødegård Lunde, var han på næringsfrukost på Mjøsvang kafe onsdag for å rekruttere medlemmar.

Nyleg fusjonerte Valdres sparebank er ein av dei viktige motorane i næringslivet i dalen. Bedriftsrådgjevarane Eli Belsheim og Gunnar Hamre frå banken informerte om kva dei no kan tilby sine næringskundar.

Frå kommunalt hald held ordførar Vidar Eltun eit kortfatta innlegg om alt som er på gang.

– Det ser ut til at det vert byggjestart for vassverket på Tyin-Filefjell i 2018, men dette veit vi ikkje sikkert før etter kommunestyremøtet fredag, sa Eltun.

Avslutningsvis informerte Innovangsjon om funna i bustadundersøkinga som vert gjennomført i november (meir om den kjem), samt nemnde at det vert Innovangsjonsdag i nye Vangshallen 3. februar (Også der kjem det meir informasjon snart).