Ungar og tilsette i Ryfoss barnehage engasjerar seg for Syria-flyktningane og skipar til auksjon 17. oktober.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Ryfoss barnehage samlar inn pengar til Syria-flyktningar

Ryfoss barnehage samlar inn pengar til Syria-flyktningar

05. oktober 2015

Alle kan gjera ein forskjell i den flyktningkrisa verda no står ovanfor. Det er kva Ryfoss barnehage ynskjer å syne ved å gjennomføre auksjon og innsamlingsaksjon til inntekt for Redd Barna sitt flyktningarbeid.

– Ved å gjennomføre denne auksjonen lærar alle noko om solidaritet, empati,  samhald og forskjellar rundt om i verda. Vi er ein liten barnehage men jammen kan gjera ein forskjell, seier pedagogisk leiar i Ryfoss Barnehage, Heidi Lynge Kvale.

Ho fortel at ungane i barnehagen får med seg mykje av det som skjer i Syria om dagen, og spørsmåla kring krig og flyktnigar er noko dei bruker mykje tid på. 

Mange bidreg

Ungane og dei tilsette i barnehagen har altså skipa til auksjon laurdag 17. oktober klokka 11 i Ryfoss sentrum. Her vert det sal av kaffi, kaker og andre godsaker, samstundes som ordføraren er på plass for å leie auksjonen.

– Vi har vore rundt til ulike bedrifter i området og alle stiller opp. Nokre kjem med bra saker til auksjonen, mens andre ynskjer å gje pengar til innsamlinga, fortel Kvale.

Alle pengane går rett til Redd barna sitt flyktningarbeid.

– Dei arbeidar både her i Noreg, andre stader i Europa og i flyktningleirane rundt Syria. Det kjenst som rette organisasjonen å samarbeide med for oss, fortel Kvale.

Ungane sjølv skal både selje kaffi og kaker, og eigne måleri under auksjonen. Pluss at dei skal hjelpe ordførar Eltun med å syne fram det som skal auksjonerast bort. Ved sidan av sjølve auksjonen vert det ponniridning, underhaldning, lotteri og sambosa–salg.

– Sara`s kafe stenger kafeen under hele aksjonen og selger sambosa på plassen og donerer bort inntektene til innsamlingsaksjonen, fortel Kvale.

Dette kan du sikre deg: 
  • Tveitabru Sag: utebenk
  • Ryfoss betong: Blomsterkrukke
  • Øye bygg og bo: Polaris scooterbukse
  • Trollrock: Dagspass torsdag
  • Filefjellstuene: gavekort på en familiemiddag
  • Vang autoservice: Lynx fleecegenser
  • Intersport Filefjell: 2 sparkesykler, gutt og jente
  • Coop Marked Fjellvang: Nilfisk vindusvasker og Wilfa strykejern.
  • Vinjerock: Festivalpass
  • Mjøsvang kafe: gavekort på en par-middag.
  • Kvismo Sag: Kraftoverføringsakse til traktor
I tillegg er det lotteripremiar:
  • YX Joker Filefjell
  • Anne Ma frisør
  • Møbelringen Fagernes
  • Sørre Kjøs Gård
  • Joker Ryfoss

Det har også kome inn ein god del pengegåver, alle desse vil bli heidra under arrangementet.

– Vi har oppretta ein eigen konto kun for denne aksjonen. Her kan alle som ynskjer det setja inn pengar og dermed støtte Redd Barna sitt arbeid for Syria-flyktningane, fortel Kvale.  

Vil du bidra med pengar til aksjonen er kontonummeret:  2146 40 66397


Møt opp til ein trivelig formiddag i «Føsse» :-)