Nyheit

Saman om støttekonsert

  Nyheitsarkiv
02. feb 2017
Bjørn Olav Søndrol og Kristina Heensåsen med barna Halvor og Sigrid Hillevi, samt Anne og Ove Gudbrandsen med barna William, Noah og Pernille står saman om konserten i lag med Jannike Rognstad og Ole Kristian Juvkam med barna Emilie og Nikolai (ikkje på bilete). Foto: Hallgrim Rogn/Innovangsjon
Fyller Vang kyrkje for forsking på barnekreft

 Tre familiar i Valdres som sjølv har ungar ramma av kreft står saman om ein kyrkjekonsert der alle inntekter går uavkorta til barnekreftforskning.

–Vi veit fleire vil hamne i vår situasjon i åra som kjem. Difor ynskjer vi å bidra til at helsevesenet er best mulig rusta når barn og ungdom blir ramma av kreft - og då trengs meir forskning på fleire områder, fortel Kristina Heensåsen.

Saman med fem andre foreldre og sju ungar arrangerer ho konserten til inntekt for «Barnekreftforeningen» i Vang kyrkje onsdag 15. februar, 19:30.

Lokalt stjernelag

Alt frå lyd og lys til artistar og konfransierar stiller gratis opp denne kvelden.

– Alle vi har spurt har sagt ja, og då er det takknemleg oppgåve å arrangere konsert, seier Kristina.

Gaute Lein Ausrød frå Staut er det nok største namnet denne kvelden. The rebels, Monica Korsli Solberg, Eva Lunde, Kari Sunnvoll, Kristina Heensåsen,«Høre mannskoroktett», Tor Gunnar Melbye og Julie Berge Wangensteen står også på scena. Konferansier er Elisabeth Øraker, mens Øyvind Abelsen fikser lyd og lys.

Barnekreftdagen

Konserten er same dag som den internasjonale barnekreftdagen. Arrangørane er einige om at det er alt for lite forsking på dette temaet her i landet.

– Vi ligg langt etter på dette feltet i høve til land vi elles samanliknar oss med. Difor går all inntekt uavkorta til Barnekreftforeningens forskingsfond, fortel Bjørn Olav Søndrol.

Barnekreftforeningen er ein frivillig, landsdekkjande organisasjon som drives av foreldre som har eller har hatt barn med kreft. Barnekreftforeningens forskingsfond vart stifta i år 2000 med formål om å gje midlar til forsking på kreftsjukdom hjå born.

Vil fylle kyrkja

Målet til arrangørane er klinkande klart.

– Vi vil fylle Vang kyrkje og samle inn mest mogleg pengar til denne saka. Vi håper flest mogleg kjem på konsert og med det gjev sitt bidrag, seier ein samstemt arrangørgjeng.

Vang kommune og Vang sparebank har allereie lova å gje pengar til saka. Arrangørane oppmodar privatpersonar og foretak i heile Valdres til å bidra.

– Ein lyt ikkje koma på konserten for å bidra. Vi har oppretta ein eigen Vippskonto for innsamlingsaksjonen der også alt går uavkorta til Barnekreftforeningen.

Vippsnummeret er: 88340