Nyheit

Satsar på bustadbygging

  Nyheitsarkiv
23. mar 2017
  • Driftsleiar Terje Kjøs og dagleg leiar Odd Magne Grythe er på offensiven saman med resten av gjengen i Tveitabry bygg as.
  • Tveitabru bygg er klare på at Vang er ei god kommune å drive næringsverksemd i.
  • Den nye pre-cut-maskina til Tveitabru bygg.
  • Alle lengder og vinklar vert 100 prosent i den nye maskina. Samstundes vert det minimalt med kapp.
  • Tveitabru bygg set opp både bustadhus og hytter, samt at dei leverar element til andre sine byggjeprosjekt.
  • Det er snart klart for innflytting på Bøaflaten.
  • I dette bygget i Ryfoss sentrum er det høve for å leige næringslokale, eller kjøpe heile bygget.
Bygd fjorten bueiningar i Ryfoss og i Vang

På fire år har Tveitabru bygg sett opp fjorten og seld tretten bustader i Ryfoss og på Bøaflata. - Vi går i gang med nytt prosjekt så fort neste eining er seld, seier dei.

– Ein lyt ta nokre sjansar når ein driv i denne bransjen, så på tross av råd frå andre klinte vi til og sette opp det fyrste bygget i Ryfoss utan å ha noko bekrefta sal. Det tok imidlertid ikkje lang tid før dei fyrste kontraktane var skreve under, fortel dagleg leiar hjå Tveitabru bygg, Odd Magne Grythe.

Suksesshistorie

Etter at fyrste bygg var seld og ferdigstilt, gjorde dei nokre små justeringar for å møte marknadsprisen før neste prosjekt vart sett i verk.

– Då rulla ballen fort og vi selde ut det neste bygget nesten før vi var i gang med å byggje det, fortel Grythe.


Førre veke vart siste eining i den fjerde tomannsbustaden i Ryfoss seld. Den er ferdig til starten av desember, og Tveitabru bygg har allereie sikra seg tomt for neste prosjekt.

– No har vi att ei eining på Bøaflaten. Både der og i Ryfoss går vi i gang med neste prosjekt så fort ein av to einingar er seld, forsikrar Grythe.

Bustad for alle

Til å byrje med tenkte gjengen i Tveitabru at det helst var eldre personar som kom til å kjøpe tomannsbustadane. Dei eldre har handla, men det har også alle andre aldersgrupper.

- Kort fortalt er det alle slag som har kjøpt seg tomannsbustad dei siste åra. Eldre, yngre, single, par osb, noko som har frigjort gardsbruk og einebustader andre plassar i regionen, fortel Grythe.

Det enkle og sosiale livet ein kan leve i desse sentrumsnære tomannsbustadane er nok hovudgrunnen til populariteten trur han.

– Mindre bilkøyring og lett tilgang til servicetilbod og naboar er nok minst like viktig som sjølve bustaden.

Satsar på element

Tveitabru bygg har spesialisert seg på elementproduksjon og kjappe, kostnadseffektive byggjeprosessar. For å ta det eit steg vidare har dei no investert i «precut»-maskin.

– Teikningane vi gjer her inne går rett ut til maskina der ein berre treng å mate inn material. Etter kutting går det vidare til elementproduksjon eller ut på byggjeplass, fortel driftsansvarleg Terje Kjøs.

Investeringa er den største i ein prosess for å kunne vekse på det dei gjer aller best - levere element til husbygging.

– Per no er maskina alt for effektiv for oss. Men den set oss i posisjon til å vekse framover og det er noko vi ynskjer å gjera, fortel Kjøs.

Dei to sjefane ved Tveitabru bygg er heilt tydelege på at grunnen til at bedrifta går godt og tørr satse om dagen, er vilkåra som ligg til grunn for å drive verksemd i Vang kommune.

Muleg sal i Ryfoss

Midt i Ryfoss sentrum vert «Føsse fotostudio» sine lokal ledige denne sumaren. Her er det Tveitabru eigedom som eig, og både utleige og sal er aktuelt. 

– Fotostudio, kafé, kontorlokale eller noko heilt anna - i dette bygget er alt mogleg. Om nokon ynskjer å kjøpe heile huset er vi også villige til å vurdere det, fortel Grythe. 

I dag er det fotostudio og kontor i fyrste etasje, mens det er utleigd leilegheit i andre.