Nyheit

Satsar på det enkle livet i Vang

  Nyheitsarkiv
17. apr 2018
  • Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland har nett flytta inn i eit lite hus med stor utsikt på Hensåsen i Vang.
  • Ein vedovn, ein stol og ein minisofa er det einaste du finn i stova.
  • Hunden Toya (akita inu - japansk rase) har flytta inn i minihuset på Hensåsen i lag med Laugaland.
  • Lite hus, stort utsyn.
  • Huset til Laugaland er eit av tre som har vore under bygging i det nye feltet på Hensåsen det siste året.
  • Frukostutsyn over Grindane, Vangsmjøse og det meste anna.
  • Soverom med himmelutsyn.
  • Gjesterom og garderobe.
  • Dei to ulike delane av huset heiter Freden og Gleden. I mellom desse er ein gang.
  • Det er høgt under taket i det vesle huset.
  • Eit enkelt og moderne bad med alt ein treng.
  • Piano i eit minihus, sjølvsagt.
Bygd minihus på 48 kvm

Sokneprest Ingebjørg Vik Laugaland har flytta inn i eit minihus på 48 kvadratmeter med maksimal utsikt rett ved kyrkja på Hensåsen.

– Etter ei intens helg med konfirmanttreff sank eg ned i stolen og festa blikket på Grindafjell. Brått hadde det gått to timar, energien var tilbake og eg hadde ro i kroppen. Då skjønte eg at eg har gjort det rette valet, fortel Laugaland. 



For snart tre år sidan fekk ho jobb som sokneprest i Vang og flytta frå heimgarden Laugaland i Ryfylke til Vang. Både jobben, bygdefolket og naturen har vore full klaff for Laugaland som no har vorte huseigar i det nye bustadområdet på Hensåsen.

Ei sjel og ei skjorte

Huset er levert av Tveitabru bygg og går med sine 48 kvm. grunnflate i kategorien «minihus».

– Eg har ei veninne som har bygd om ein container i Vesterålen til bustad og dette med «ei sjel og ei skjorte» har alltid fascinert meg. Eg treng lite for å ha det bra, og det har eg no teke konsekvensen av, fortel Laugaland.

Huset består av to delar kalla Freden og Gleden. Desse er bygd saman av ein gang. Laugaland var involvert i teikninga av huset og alle praktiske problem løyste seg etter kvart som dei melde seg.

- Sjølv om huset skulle vera lite var eg heile vegen klar på at det skulle vera plass til pianoet. Det skulle fyrst vera i stova, men det fekk etter kvart heidersplassen midt mellom Freden og Gleden.


Ho har både eige soverom, gjesterom, lagerrom, gang, stove, kjøkken, hems og takterasse i huset som har liten grunnflate men stor takhøgde.

Femtiårsfeiring for barnekreftsaken

Denne sumaren fyller Laugaland femti år. Det vert feiring i og utanfor det nye huset, men noko gåvebord vert det ikkje snakk om.



- Eg har alt eg treng og heller ikkje plass til meir av saker og ting inne i huset. Det einaste eg ynskjer meg er lodd i Ove Gudbrandsen og Tveitabru bygg si utlodding av ein garasje til inntekt for forsking på barnekreft, fortel Laugaland.

Ho har sjølv ein fetter som døydde av kreft i barneåra, og brenn for saken saman med mange andre i bygda.

– Geir Johan fekk blodkreft og vart aldri tenåring, mens eg sit her og blir femti år no. Livet er fullt av kontrastar og det at kvar krone samla inn til denne saka aukar sjansen for å redde ungar som vert ramma kjenst som ei meiningsfull gåve, fortel ho.

Samstundes har ho god plass til garasje på den romslege tomta på Hensåsen.

– Eg skal ikkje leggje skjul på at eg meir enn gjerne vinn denne garasjen altså. Det hadde vore tidenes femtiårsgåve.

For å kjøpe lodd: Vipps kr. 200 til nr 514432 og send sms til Ove Gudbrandsen med namnet: 476 77 266

Bevisst val

Heimgarden Laugaland er nå busett av sonen som er godt i gang med å ta over fullt og heilt. Dottera er på skule i Frankrike, og sjølv om Vang og Hjelmeland er langt frå kvarandre er det eit bevisst val å etablere seg fast til fjells.

– Eg hadde ikkje drømt om å flytte og eg hadde ikkje drømt om å byggje hus, men brått stod det fram som det fornuftige å gjera. Sonen er landbruksmekaniker og topp motivert for å ta over garden og då er det betre å la han finne sin veg på garden enn at skal verta gjort på min måte, seier Laugaland.