Nyheit

Satsar på reinhald

  Nyheitsarkiv
07. apr 2017
Arlinda Goruzhdaj har starta firmaet «Renhold Vang i Valdres» og satsar på reinhhald av hytter, hus og næringsareal.
«Renhold Vang i Valdres» i gang til påske

«Renhold Vang i Valdres» er i startgropa som eit tilbod til både hytte-, bedrifts- og privatmarknaden i Vang og Valdres.

– Etter at vi flytta hit før jul såg vi raskt behovet for ei bedrift som dette. Eg har ledig kapasitet, så det er like greit å starte opp no, seier Arlinda Goruzhdaj.

Selskapet vart starta opp førre veke og er klart for oppdrag no i påska. I fyrste omgang er det snakk om eit personleg foretak, men ambisjonen på sikt er AS.

Lang erfaring

Arlinda har fleire års erfaring frå reinhaldsbransjen og har klare tankar om kva som krevjast for å lukkast.

– At kundane kan stole på at eg leverer seriøst og pliktoppfyllande arbeid vert viktig for å byggje opp ei levedyktig bedrift, seier Arlinda, som ser positivt på å skape sitt eige levebrød i Vang.

Fleire marknader

både hytte-, bedrifts- og privatmarknaden er aktuelle kundar.

– Kvifor skal dei som nytter fritida si i Vang vaske han bort når eg kan gjera jobben mens hytta er tom? 

Arlinda er klar på at målet er å syne frå fyrste vask at det er vel brukte kroner å setja bort vasken av hytte, hus, kontor eller låve.

Kontaktinfo: 40076473/a.goruzhdaj@gmail.com