Nyheit

Satsar på Tyinkrysset

  Nyheitsarkiv
06. okt 2017
  • Anders Hermunstad byggjer ut Joker-butikken på Tyinkrysset og inviterar til opningsfest fyrste helga i desember.
  • Dagleg leiar Sven Richard Møller ved Intersport Filefjell ser fram til å auke vareutval og trivsel i butikken med 80 ekstra kvadratmeter butikk frå desember av.
Opningsfest fyrste helga i desember

Fyrste helga i desember er det opningsfest for utvida Joker og Intersport på Tyinkrysset.

– Med ny veg på plass har vi stor tru på framtida for området og det var rette tida å satse på, seier Anders Hermunstad som driv Jokerbutikken på Tyinkrysset.

Det er for tida stor byggjeaktivitet i det nye lokalet, og han forsikrar om at dei er i rute til opninga i desember.

Lokalmatstabbur

På nokre av dei totalt 300 nye kvadratmetrane med butikk vert det sett inn eit stabbur som skal fyllast med lokalmat.

– Vi har handplukka produkt frå Valdres, Lærdal og nokre kvalitets-produsentar i andre regionar. Her får du kjøt av ulikt slag, kurv, ost, treak og sesongvarer, seier Anders. 



Han er tydeleg på at lokale produsentar som kan levere nok volum gjennom året er særs velkomne i det nye stabburet. 
 


Av andre nyvinningar er ein eigen kaffikrok med enkel servering og ny pumpestasjon utanfor. Totalt vert den nye Jokerbutikken på 900 kvadratmeter.

Opningsfest i desember

I førebuingane til nyopninga vert butikken heilt stengd frå måndag 30. oktober til fredag 17. november. Fyrste desember er det klart for offisiell opning og dagen etter inviterer Joker til julemarknad.

– Lokale produsentar kjem med mat og handverk, dette vert eit ypparleg høve for å kjøpe årets julegåver. Utpå ettermiddagen kjem til og med julenissen ein tur og det er klart for fakkeltog og gåveutdeling, informerer Hermunstad.

Folk som ynskjer å selje noko under marknaden kan kontakte Sissel Irene Wangensteen (41222888)

Intersport utvidar

Også Intersportbutikken vert større etter utbygginga og utvidar med 80 kvadratmeter.

– Vi tek inn nokre nye merker, aukar vareutvalet og ominnreier heile butikken til å verta enda nokre hakk trivelegare, fortel Sven Richard Møller, dagleg leiar ved Intersport Filefjell.

Turistinformasjonen og kaffikroken vert også oppgardert noko og Intersport Filefjell satsar på å verta ein naturleg plass å besøke for alle som er i området i vinter.

– I tillegg til større og ny butikk ynskjer vi også å bidra på andre måter i lokalområdet, både for hyttefolket og lokalbefolkninga. For tida ser vi på kalenderen for 2018, og korleis vi kan skape naturlege aktivitetar og arrangement gjennom det komande året, avsluttar Møller.

Han oppmodar alle om å følge Intersport Filefjell på Facebook for oppdateringer i tida som kjem.