Monica Litangen og Tom Kjetil Tørstad satsar saman for bygda og opnar ny Joker Ryfoss 1. desember.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Satsar saman for Ryfoss

Satsar saman for Ryfoss

27. oktober 2017

Etter fire års leiting fann Monica og Tom Kjetil tomt for ny Jokerbutikk i Ryfoss. Etter ein byggjeprosess på høggir opnar dei dørene til sin nye butikk 1. desember.

- Vi ynskjer å skape noko for bygda og gje kundane våre eit best mogleg tilbod, fortel eit samstemt eigarpar, Monica Litangen og Tom Kjetil Tørstad.

Dei tok over butikken 2010, og fann for fire år sidan ut at dagens lokale var for lite.

Godt planlagt

Etter fleire forsøk på å skaffe riktig tomt for ny butikk, ordna alt seg på kort tid i vår då ei tomt vis-a-vis YX Ryfoss kom for sal. Same dag som tomta var i boks sette Tom Kjetil seg i gravemaskina og byrja tomtearbeidet.

– At det gjekk så lang tid før vi kom i gang, betyr at alle detaljar er planlagd til minste detalj i heile butikken. Vi får eit bra bygg for kunden og ein langt enklare kvardag for dei tilsette i butikken, fortel Tørstad.

Det er aktivitet nesten døgnet rundt på byggjeplassen no, og går alt som planlagd vert det opning fredag 1. desember.

– Det er mange tunge fagfelt som skal inn dei neste vekene, så alt lyt klaffe for at det skal gå, men det verkar som dei fleste strekkjer seg litt ekstra for at vi skal koma i mål, seier Tørstad.

Sjølv driv han entrepenørbedrifta TK Totatalbygg som står for bygginga, samstundes som han eig Joker Ryfoss saman med Monica som er dagleg leiar der. Lokale selskap som Ryfoss Betong, Monter Kvismo, Vang grave- og transportservice og Tveitabru bygg har alle store leveringar til byggeprosjektet.

– Berre til fundamenteringa er det levert 100 tonn steinmasse frå lokale leverandørar, informerar Tørstad.

Betre plass og nye varer

Butikken har plassering på «beste handelstomta i Ryfoss», og nettopp «god plass» vert eit stikkord for Jokerbutikken. Der dei før har leigd totalt 190 kvm, er det nye bygget på heile 880 kvm.

– Vi kan ha langt fleire varer ute i butikken og bruke mindre tid på å stable. Det vert meir tid til kundane og til å syte for ein best mogleg butikk på alle måtar, seier Litangen.

Også mange nye varer får no plass i hyllane.

– Vi kjem til å utvide lokalmattilbodet og ta inn meir interiørartiklar og eit større utval ullkelde frå Safa. Her kan ein også kjøpe varer frå Lego eller sminke for den saks skyld, fortel Litangen.

Saman med ein utvida Joker på Tyinkrysset og ein stor Prix i Vang vert no butikktilbodet i Vang solid.

– Målet er mindre handelslekkasje ut av bygda og at folk i alle delar av Vang og Valdres støtter opp om lokalbutikken sin, seier Litangen.

Service til hyttefolket

Også alle fritidsbebuarane på Syndin og rundt Slettefjellet får sitt i den nye butikken.

– Vareutvalet kombinert med utvida opningstid til klokka åtte kvar fredag er to gode grunnar for å velje oss på veg til hytta, meiner Litangen.

Måndag-torsdag er butikken open til klokka sju, mens den laurdagar stengjer dørene klokka seks. For dei utan straum og vatn på hytta, vert det eigne familierom i tilknyting til butikken.

– Vi legg opp til toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel på desse to romma. Vi har tidleg i prosessen her hatt hytteeigarar på tråden som har ynskt dette, og det vert også eit godt tilbod for turistar. 


I tillegg køyrer Joker Ryfoss også ut varer til både fastbuande og hyttefolk som ynskjer det på torsdagar. 

– Dette er eit tilbod til alle, ikkje berre dei utan bil eller form til å koma seg på butikken. Vi tek i mot bestilling på telefon eller e-post fram til torsdag morgon. Resten av veka kan folk også melde inn bestilling som vi set klar til henting, seier Litangen.  

Opningsfest for samlingspunktet

Butikken i Ryfoss feirar faktisk 100 år i år. Dette vert markert saman med nyopninga på formiddagen 1. desember, mens det på kvelden vert «Julegateøfning» saman med resten av bygda og handelsstanden

– Akkurat korleis feiringa vert veit vi ikkje enno. Noregsgruppen stiller i alle fall opp, og vi skal nok koke i hop ein og annan overrasking den neste månaden, seier Litangen. 

Både ho og mannen gledar seg til å opne dørane for det dei håpar skal verta ein naturleg samlingsplass i bygda. Dei tykkjer også det er stas med alle som er innom på  byggjeplassen eller i dagens butikk og spør om den nye butikken. 

– Med ny butikk kan ein stoppe kvar som helst i butikken for ein prat utan å lage trafikkork. Samstundes vert det bord, stolar og enkel servering i lokalet, så alt ligg til rette for både handling og uformell prat, seier Tørstad.

I ein vinkel ut mot busstoppen i Ryfoss sentrum er det 150 kvm «bonusareal» som korkje Tørstad eller Litangen har nokon plan for enno.

– Eg tykte vi laut ha denne vinkelen for å unngå å byggje eit «fjøs». Kva som bør inn her anar vi ikkje enno, men alle med ein god ide vert verkeleg sett pris på, understrekar Tørstad.