Full snøproduksjon og fleire dump med naturleg påfyll i anlegget på Tyin-Filefjell denne veka.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sesongopning Tyin–Filefjell

Sesongopning på Tyin–Filefjell

22. november 2017

Skisenteret på Tyin/Filefjell opnar klokka 10 på laurdag delar av hovudheisen og heile barneheisen.

- Etter kvart som det kjem meier snø vil meir av anlegget verte opna, fortel Magne Grihamar i Tyin Filefjell Utvikling.

Anlegget er ope kvar helg fram til jul og kvar dag frå 23. desember og ut sesongen.

– For dei som ikkje har kjøpt sesongkort i skisenteret enno er det framleis høve til å få reduserte prisar om ein gjer det i dag, fortel Grihamar.