SigridMoldestad_Promo_12-1600x550.jpg
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Sigrid Moldestad til Vang kyrkje

Sigrid Moldestad til Vang kyrkje

19. februar 2018

Sundag 18. mars kjem ein av landets leiande felespelarar til Vang kyrkje.

– Sigrid Moldestad er balsam for sjela og ein perfekt artist for Vang kyrkje, fortel Tone Lajord. Ho sit i soknerådet for Vang kyrkje som står bak arrangementet.

Billettar (kr. 300,- vaksne//kr 150,- born) vert lagt ut på Coop Fjellvang. Om det er att billettar ver det seld ut i døra.

Leiande felespelar

Moldestad har vore ein av dei store felespelarane i Noreg dei siste åra med to Spelemannsprisar og fleire andre gjæve utmerkingar på merittlista.

Også fleire CD-utgjevingar har ho stått for sidan debuten i 2005.

Her i Valdres har ho vorte eit kjært namn med konsertar på mellom anna Vinjerock og Jørn Hilme-stemnet.