Nyheit

Skøytebane på Tyinkrysset

  Nyheitsarkiv
14. feb 2018
Dugnadsinnsats frå Fjellets fellesgodefinansiering og Vang brannvesen syter for nytt aktivitetstilbod på Tyinkrysset til vinterferien.
Nytt aktivitetstilbod til vinterferien

Det er lagt skøyteis på Tyinkrysset som eit nytt gratis aktivitetstilbod i området til vinterferien.

– Vi har brøyta ut bane med parkering, ordna lyssetting og i dag stilte Valdres brann- og rednigsvesen avdeling Vang opp for å leggje vatn på banen. Dei lyt innom ein dag til med endå nokre fleire minusgrader før vi er i mål, men banen opnar seinast onsdag 21. februar, fortel primus motor Terje Eldegard.

Saman med andre aktørar i Fjellets fellesgodefinansiering (FFF) har han lagt ned ein stor dugnadsinnsats for å skapa eit nytt tilbod på fjellet til vinterferien.

- Både anlegget og parkering er gratis. Det er montert midlertidig lyssetting av banen, så dette vert også eit kveldtilbod, seier Eldegard.

Banen er etablert ved Tyinkrysset fjellstove der anleggsbrakka til Hæhre har stått under vegbygginga. Det vert utleige av skøyter på Tyinkrysset fjellstove og Intersport Filefjell tek inn skøyter og utstyr for sal.