To lastebillass med varer i hallen tek ikkje stor plass.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Snart ny skule

Snart ny skule

30. november 2016

– Det er fullt kjør i alle rom no og det ser ut som at vi får ta heile anlegget i bruk i midten av februar, fortel vaktmeister ved Vang Barne og ungdomsskule, Leif Jan Hammerstad.

Fleirbrukshallen med klatrevegg er sjølve storstova i det nye anlegget, men alt frå ungdomsklubb til kunst og handverk-avdeling, skulekjøkken og terapibasseng er rom med skreddarsaum ned til minste detalj.



– Eg trur ein skal leite veldig lenge før ein finn tilsvarande skule-, samfunns- og kultur-anlegg som dette i norges land, seier Hammerstad.

Sjå Leif Jan sine bilete i galleriet over. Og endå fleire på skula sine facebooksider