Nyheit

Storstilt rekruttering i Vang

  Nyheitsarkiv
29. jun 2017
Vang kommune er ei fjellkommune i vekst. Her er nybygd skule, levande grender og eit næringsliv som satsar.
Nesten tretti jobbar lyst ut

Både kommune og privat næringsliv i Vang rekrutterar - her er oversikten.

Vang i Valdres

Fjellkommunen Vang ligg ved sørenden av Jotunheimen og byr på den greie kombinasjonen av «vestlandsfjell» og «austlandsklima». Dette er heimen til fjell-festivalen Vinjerock, to tamreinlag, eit skisenter, 1600 innbyggarar og nesten like mange hytter. 

i Vang får alle barnehageplass umiddelbart, mens skuleelevane er samla på splitter nye Vang barne- og ungdomsskule. Her er eit topp moderne skuleanlegg med fleirbrukshall og terapibasseng. Kombinert med fornuftige klassestørrelser, kompetent lærarstand og ei bevisst satsing på friluftsliv i skulen er oppvekst-tilhøva i Vang på stell.

Bygdeutviklingsforetaket Innovangsjon SA jobbar med bustader, nettverk, næringsutvikling og blest med eit uttalt (og hårete) mål om 1724 innbyggarar i kommunen innan 2020.

Treng du jobb eller vil starte for deg sjølv tek du kontakt med næringsutviklar Dag Inge (daginge@vangivaldres.no//95873757).

Ser du etter plass å bu eller folk å henge med tek du kontakt med Innovangsjonsminister Hallgrim (hallgrim@vangivaldres.no//41222769).

Ellers finn du det meste av det du treng å vite om bustad og bygda ellers her på vangivaldres.no.