Overlevering av ein totalrenovert Dodge til godt nøgd kunde. Strand Service satsar om dagen.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Strand Service

Strand service satsar

13. desember 2016

Strand service AS i Øye satsar langsiktig og har investert i både «lakkboks» og utstyr for understellsbehandling av bilar med bruk av lanolinolje.

– Krisitansand, Geilo, Sogndal, ja vi har kundar frå dei fleste plassar i Sør-Noreg som kjem hit for å få lakkert bilen. Ein kan seie at ryktet jobbar for oss og skaffar oss kundar, seier dagleg leiar Knut Strand i Strand Service.

Effektivisering

Omfanget på lakkeringsjobbar har dei siste månadane vorte så stort at Strand Service har investert i ein såkalla «lakkboks».

– I praksis betyr det perfekt arbeidslys, null støv i lakken og ein langt meir effektiv arbeidsprosess for vår del, seier Strand.

Mellom anna har dei totalrenovert ein Dodge frå 1952 for ein utabygds kunde denne hausten.

– Han kom med eit skarp og henta ein bil i perfekt stand med ny lakkering både innvending og utvendig. Eit artig oppdrag der fleire her på verkstaden verkeleg får prøvd seg, seier Strand.

Lanolinolje for understell

Strand Service teller fort tida seks tilsette på verkstaden for bilar, landbruksmaskinar og anleggs-kjørety. Fleire av dei tilsette har no kursa seg i lanolin-behandling av understellet på køyrety, Etter gode erfaringar er det også investert i utstyr og etablert ein eigen arbeidsplass for å gjera dette. 



– Dette er den nye vinen når det kjem til understellsbehandling. Det flassar ikkje, det trenger ikkje vatn gjennom og det stoppar rusten effektivt. Eg er rett og slett imponert over produktet, seier Strand.

Lanolinolja er eit naturprodukt utvunne frå saueulla som er heilt ufarleg for både menneske og dyr.