Stølen i Herredalen er også arena for ei av strikkehelgane.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Strikkehelger

Strikkehelger på Haukåsen

09. februar 2015

Med Haukåsen og stølen i Herredalen som arena dreg Sølvi Havro i gang fleire strikkehelgar dette halvåret. 

– På ei strikkehelg del me strikketips, kreative idear og ulike teknikkar. Pluss at det sjølvsagt er sosialt, forel Sølvi.

Opplegget er for alle som har ei viss interesse for strikking, hekling, hakking eller å pjone. Sølvi understrekar også at ein kan koma som nybyrjar og verkelg få ein god start som strikkar på ei av desse helgane. 

– Strikkehelga passar grepa gødt te å væra i lag med følk i alle aldre og her kan mor, svigermor, bestemødre og fedre vera i lag om ei felles interesse. Ung og gamal med pinna hand i hand, seier ein entusiastisk sjefsstrikkar.

Full pakke

Sølvi driv sjølv Haukåsen som er arena for strikkinga, mens ho har inngått samarbeid med Hugasyn hyttegrend om overnatting. Det betyr at du for 850 ,– får både overnatting og mat frå fredag til sundag (minus frukost). Utsikta, som gjer Hugasyn verdt eit besøk i seg sjølv, får du attpå.  

- Ta med det du har og de du bruka tå pinna og gåd`n. Du kan og få kjøpt detta og litt anna utstyr her. Om du ser noko du får lyst te å lage, så får du oppskrifter og mønster. Her har me alltid noko å lære enn å lære burt, fortel Sølvi. 

Datoar for vårens strikkehelgar: 

  • 27. feb til 1. mar på Haukåsen
  • 24. til 26.april på Haukåsen
  • 24. til 26. juli på Kleivasletta i Herredalen (stølen til Sølvi og familien)

Påmelding: solvi85@gmail.com // 95915506 (850,–)