Bjørn Olav Søndrol, Kjell Magne Kvale og Ove Guldbrandsen deltek på Hedmark og Oppland sitt «Team Rynkeby»-lag neste sumar for å samle inn pengar til Barnekreftforeningen. Leif Øyvind Solemsli er med som servicemann.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Team Rynkeby

Syklar for barnekreftsaken

10. oktober 2017

Eit sykkelritt frå Oslo til Paris er den viktigaste finansieringskjelda til forsking på barnekreft i Norden. No har fire vangsgjeldingar teke mål av seg å fullføre sykkelrittet og engasjere heile regionen for barnekreftsaken.

– Vi har sjølv betalt inn 25.000 kroner for å vera med på dette, noko som betyr at alle utgifter til alt som har med sykkelrittet å gjera er dekka. Altså går kvar einaste krone vi får inn frå sponsorar uavkorta til Barnekreftforeningen, fortel Bjørn Olav Søndrol.


Saman med Ove Gudbrandsen, Kjell Magne Kvale skal han sykle frå Oslo til Paris neste sumar som ein del av Hedmark og Oppland sitt Team Rynkeby-lag. Leif Øyvind Solemsli er med som servicemann.

– Heilt avgjerande

Sidan oppstarten i 2002 har Team Rynkeby samla inn over 325 millionar kroner i heile Norden til born med alvorlege sjukdommar.

– Etter å ha vore gjennom eit sjukdomsforløp har vi fått kjenne på kroppen at det er for lite forsking på barnekreft, behandling og etterverknader, seier Ove Gudbrandsen.

I vinter stod han og Bjørn Olav med familiar saman om ein støttekonsert for Barnekreftforeningen i Vang kyrkje. Etter dette har dei båe engasjert i Barnekreftforeningen og dei ser deltakinga i Team Rynkeby som ein naturleg forlenging av engasjementet sitt for saka.

- I førre veke vart det overrekt 7,4 millionar frå årets aksjon til Barnekreftforeningen. Det er få offentlege midlar til denne forskinga, så dette står att som ein av dei største og ein heilt avgjerande støtte til forskinga på barnekreft, seier Gudbrandsen.

«Mest synleg i Norden»

I desse dagar startar ikkje berre treninga til kraftprøva neste sumar. Innhentinga av sponsormidlar vert ein minst like viktig del av førebuingane for laget.

– Vi har høge ambisjonar på vegne av ein god sak og går aktivt i gang med sponsorarbeidet no, fortel Kjell Magne Kvale.

Det er ulike nivå på sponsorpakkane, med synlegheit på lagdrakter, heimesider, følgjebil og likande som gulrot. Alt i alt meiner dei at dette er det «mest synlege veldedigheitsprosjeketet i Norden».

– I tillegg til dette kjem vi til å jobbe med ulike stunt og arrangement gjennom året for å dra merksemd og kroner til saken, opplyser Bjørn Olav.

Allereie denne veka er han i gang med spinning på GNIST treningssenter til inntekt for barnekreftforeningen.

Felles trening

Kva krevst det så for å sykle frå Oslo til Paris? Motivasjon har karane rikeleg av. Korleis er det så med treningsgrunnlaget?

– Eg har vel aldri sett meg på ein landevegssykkel før vi bestemte oss for dette prosjektet, fortel Gudbrandsen med eit smil. 


Kvale deltok på ProTour Valdres fyrste året det vart arrangert. Siste rittet det året gjekk han på ein stor-smell og etter det har han ikkje prøvd sykkelen ein einaste tur.

– Det var ti år sidan sist eg sat på denne sykkelen, men nå er rulla på plass i stova og treninga er i gang, forsikrar han.

Søndrol har på si side sykla ritt på temmeleg høgt nivå dei siste åra, men har prioritert gardsdrift og familie etter han flytta til Vang i 2015.

– Vi lyt sykle om lag 20 mil kvar dag i ei veke for å nå fram til Paris samtidig med alle dei andre laga. Det skal vi klare. Vi skal også klare å gjera ein forskjell for barnekreftforeningen på vegen dit, forsikrar Søndrol.

Det er lagt opp til ein del fellestreningar med resten av laget frå Hedmark- og Oppland både i haust og til våren.