Nyheit

Teatertilbod i kulturskulen

  Nyheitsarkiv
19. mar 2018
Påmeldingsfrist 1. april

Frå hausten av vert det teatertilbod på kulturskulen i Vang. Søknadsfrist til dette og alle andre tilbod i kulturskulen er 1. april.

– Ragnhild Lund er på plass som teaterlærar. Det vert eit spanande tilskot til kulturskulen. Faktisk tjuvstartar vi opplegget litt no i vår med ei innføring i skodespelarteknikk, fortel Oddbjørn Skeie, rektor ved kulturskulen i Vang.

Han tek i mot påmeldingar til kulturskulehausten fram til 1. april, og gleder seg til å ta i mot både gamle og nye elevar. 

Vårkurs i skodespelarteknikk

Innføring i skodespelarteknikk for born, ungdom og vaksne tjuvstartar altså denne våren.

– Her er det ingen aldersgrense, her kan bestefar og barnebarnet gå saman med svigermor og bonusbarn! Improvisasjonsteater vert ofte brukt som skodespelarens verkty, difor er det naturleg med øvingar og teknikkar som gjer utøvarane trygge, fortel Skeie.


Teatertilbodet er sundagar kl. 12.00-16.30 den 15. og 29. april, 13. og 27. mai, 3. og 10. juni.

Påmelding til oddbjorn.skeie@vang.kommune.no

Showdans og kunstverkstad

Frå den 20. august vil alle dei vanlege tilboda starte. Ved sidan av teater er det to andre nyhende.

  • Kunstverkstad med Ingvild Oldre Heggom. Stikkord her er teikning, maling, utforsking, teknikkar, glede og farge. 

  • Monica Søndrol er tilbake som showdancelærar, med timer kl. 13.10 på måndagar med dei to yngste gruppene. Den eldste gruppa kjem måndag like etter skuleslutt.

 

– Eg vil ynskje alle velkommen til Vang kulturskule. Det er berre å ta kontakt om det er noko du lurer på, avsluttar Skeie.