Grundig innføring i søknadsskriving og ei innføring i «tilskuddsportalen» var kveldens program.
Framsida Aktuelt Nyheitsarkiv Tilskotskurs i Vang

Tilskotskurs i Vang

08. oktober 2015

Nesten tjue representantar frå femten lag og foreiningar i Vang fekk grundig innføring i verktyet «tilskuddsportalen» torsdag kveld.

– Det er nesten 1500 søkbare tilskot i basen vår. Moglegheitene er nær sagt ubegrensa så lenge ein har eit godt prosjekt, innleia kurshaldar Frode Iversen frå Tilskuddsportalen.

  • Har du styreverv i lag eller foreiningar i Vang? Registrer deg på tilskuddsportalen!
Alt på ein stad

Tilskuddsportalen er fyrst og fremst ein vegvisar i den enorme jungelen av tilskot som er tilgjengelege i Noreg. Hovudpoenget er at all informasjon her er samla på ein stad. Du har mellom anna dette:

  • Siste nytt om tilskot
  • Tilskotskatalog
  • Søknadsfristar
  • Personleg oversikt over tilskot som er aktuelle for deg
  • Dialog med andre i kommunen

– Det er stadig meir pengar i potten. Samstundes vert tilskot ein meir og meir normal finansieringsform ved sidan av tradisjonelle måtar som dugnad, kontigent osb, fortel Iversen.

Nøkkelen til å lykkast med ein søknad er å forstå kva som er motivet til den som gir bort pengar.

– Det er viktig å hugse dette. Ingen gir bort pengar berre for å vera grei, men så lenge du forstår motivet kan du tilpasse søknaden. Hugs også at det ikkje nødvendigvis det dykk gjer som får støtte, men nytten av det ein gjer! Fokuser på dei gode historiene. Skriv søknaden slik at sakshandsamar har hjemmel til å seie ja, men ikkje hjarte til å seie nei. 

For kommune og foreiningar

Vang kommune betaler for tilgangen til tilskotsportalen etter eit initiativ frå Vang frivilligsentral og Innovangsjon. I tillegg til lag og foreiningar har kommunalt tilsette også tilgang til portalen. Målet er fleire gode prosjekt i kommunen.


  • Er du kommunalt tilsett? Registrer deg her.

– Dette er eit flott tilbod frå kommunen eg trur det vil koma fleire gode prosjekt ut av dei neste åra, seier leiar i Vang frivilligsentral, Marte Tangen.


Ho stiller opp som for frivillige lag og organisasjonar som treng bistand med portalen eller søknadar. Næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon vil vera hjelpeleg med søknadsprosessar for næringsliv og kommune.