Nyheit

To utdanningsstipend til unge vangsgjeldingar

  Nyheitsarkiv
03. jan 2018
Valdres sparebank deler ut 60.000,-

Fire unge valdrisar, to av dei frå Vang, fekk 15.000 kroner kvar i utdanningsstipend frå Valdres sparebank i romjula.

– Som lokalbank ynskjer vi å inspirere flest mogleg til å ta høgare utdanning, og vi håpar at utdanningssstipenda kan gje økt motivasjon. Det var fire heldige studentar som mottok kr 15.000,- kvar, og vi er glade for å kunne gjera den økonomiske studiekvardagen litt meir ubekymra, seier banksjef Arnfinn Helge Kvam.

På bildet ser du tre godt nøgdde studentar under utdelingen hos Aktiv Eiendomsmegling Valdres.

Inger Brenna (Nord-Aurdal), studerer sykepleie ved NTNU på Gjøvik.
Karina Grønland Madsen (Vestre Slidre), studerer til barnehagelærer ved Høgskolen Innlandet, Hamar
Kristin Karlsen (Vang), studerer medisin ved Poznan University of Medical i Polen
Bjørn Erik Strand (Vang), studerer eiendomsmegling ved Handelshøyskolen BI, Campus Bergen.