Nyheit

Unike fjelltomatar i Heensgardane

  Nyheitsarkiv
23. aug 2018
  • Kvar og ei av tomatplantane til Vida er unike.
  • Grønne, gule, oransje, raude, små, store, avlange, ja til og med forma som eit hjarte. Velkommen til tomathimmelen.
  • Det byrja med dette drivhuset i eit hjørne av tomta på tolv kvm. No har ho tre drivhus og nesten 90 kvm å boltre seg på.
  • Desse minitomatane er importert frå Australia og fungerar godt utandørs i potte, sjølv på 600 moh.
Har 200 ulike slag frå heile verda

Sibirsk sjokkbehandling med 20 cm. snø over nysådde tomatfrø syter for store røter og robuste planter hjå Vida Timinskiene i Heensgardane. I tre drivhus har ho om lag 200 ulike tomatslag til glede for både tomatelskarar i Vang og frøsamlarar over heile verda.

– Eg har vakse opp med tomatar, men det er etter at eg kom til Vang eg verkeleg har fått høve til å dyrke interessa. Eg har samla frø og kunnskap frå heile verda og med tre solide drivhus som mannen har sett opp fungerer det strålande å dyrke tomatar på 600 moh. i Heensgardane, fortel Timinskiene.

Trikset med snøen har ho plukka opp på ein youtubevideo frå Sibir. Samstundes er velprøvde teknikkar som husdyrgjødsel, aske, eggeskal og tett oppfølging av plantane viktige ingrediensar i ein vellukka tomatproduksjon høgt til fjells.

Utsal frå garden

På garden i Heensgardane bur Vida saman med mannen Einar Heen Hjelle som har sett opp tre drivhus på til saman 88 kvm i hagen på garden, det siste og største no i vår. Denne sumaren har ho byrja med direktesal frå drivhusa.

– Det svingar mange innom på veg til hytta mot helga, og no ser det ut til at stadig fleire i bygda også byrjar å vera interessert. Her er modne tomatar frå starten av juli og heilt ut oktober, så den som vil smake korleis «ekte» tomatar smaker kan berre svinge innom.

Her finn du Vida og tomatane hennar. Vil du gjere avtale på førehand kan du ringje på 40578218

– Men eg er stort sett heime og ute i drivhusa, så det er like greit å berre å svinge innom.

Stor på sosiale medium

Kort tid etter at fyrste drivhus med tomatar var i drift starta Vida opp ei facebookgruppe for å dele interessa og kunnskapen.

– Det er no 10.000 medlemmar i gruppa  og kvar kveld går det fleire artige tomatdiskusjonar her, fortel Vida.

Interessa frå bygda og omverda gjer sitt til at ho har eit langsiktig mål om gjera hobbyen til ein del av levebrødet.

Opnar opp frøbanken

Det er nemleg ikkje berre bugnande tomatar Vida tilbyr frå basen i Heensgardane. Ho foredlar og frøa og byggjer opp ein unik frøbank ut frå den stadig stigande tomatsamlinga.

– Gjennom å fermentere frøa får dei levetid på opp mot ti år, noko som gjev meg moglegheiten til å byggje opp ein frøbank. Pågangen frå interesserte som er innom eller følgjer med på facebook er såpass stor at eg nok opnar ein nettbutikk med frøsal neste år, fortel Timinskiene.


No legg ho ned grunnarbeidet gjennom å ta bilete, fermentere frø og grundig katalogisere alt saman.

– Plantene i drivhusa her er nøye valt ut etter eigenskapar som passer høgt til fjells. Det er sortar frå utallige land rundt om i verda og nokre av artane er så mykje som 500 år gamle. Det er artig å sjå at det blomstrar og å kunne dele av det har bygd opp.