Nyheit

Utstilling av Åsvangoppgåve engasjerte

  Nyheitsarkiv
14. sep 2017
  • Kristian Møystad Bjørnland og Ina Samdal har båe vore i Vang og bygd med NTNU dei siste åra. Etter dette fann dei plassen så interessant at dei valde å gjera masteroppgåva si frå kommunen.
  • Utstillinga «Grendeliv» engasjerte dei frammøtte. Her fortel Sigfred Hovda om eit hus bygd i stampeleire her i Vang, dette var ein av teknikkane studentane har testa ut og syner fram.
  • Utstillinga består av skisser, bilete, modellar, bygningsdelar, material og grundig informasjon.
Lokalt fokus på masterutstilling frå NTNU

Opninga av utstillinga «Grendeliv» på Vang folkebibliotek onsdag kveld engasjerte dei frammøtte med sitt lokale fokus og store iderikdom.



– I ei grend er det mange små samlingspunkt og sentrum. Vår oppgåve har prøvd å bygge opp under denne grendestrukturen framfor å tenke at alt lyt samlast i eit sentrum, sa Kristian Møystad Bjørnland, under opninga. 



Saman med Ina Samdal leverte han masteroppgåva Grendeliv ved arkitekturstudiet på NTNU i vinter etter at båe fatta interesse for Vang gjennom byggjeprosjekt her dei siste åra i regi av NTNU.

– Vi meiner dette fokuset har overføringsverdi til grender, kommunar og småsamfunn over heile Noreg, sjølv om Åsvang krins var i fokus for denne oppgåva, la Ina Samdal til. 


Dette er tredje plassen utstillinga vert synt fram, samstundes som dei to ferske arkitektane stadig vert kontakta av interesserte folk frå heile bygde-Noreg som vil veta meir om heile eller deler av oppgåva.

Lokale material

Ved sidan av å ha skissa opp forslag til nye samlingspunkt rundt om kring i krinsen, samt å ha teikna både eit hus og ein forsamlingslåve, har mykje av fokuset i oppgåva vore på lokale material.

– Vi har leika oss med alt frå stampeleire og massivtre til brenning av ytterkledning og bruk av ull, fortalde Samdal.

Materialprøver er ein stor del av utstillinga og alle teknikkar som er nytta er grundig skildra til glede for eit særs interessert publikum. Lokalhistorikar Sigfred Hovda var ein av mange som kasta seg frampå med spørsmål og kommentarar under vegs i den timeslange utstillingsopninga.

– Vi hadde ein føregangsmann her i bygda som vart kalla Søynin. Han bygde seg eit hus i stampeleire lenge før nokon andre hadde tenkt på å nytte teknikken, fortalde han.


Utstillinga vert ståande på Vang folkebibliotek til midten av oktober.