Nyheit

Vårkonsert med kulturskulen

  Nyheitsarkiv
01. jun 2017
Drømmestipend til William Alexander Dalen

Vang kulturskule hadde vårkonsert tysdag der mellom anna William Alexander Dalen fekk utdelt eit «Drømmestipend».

Kulturskulerektor Oddbjørn Skeie rapporterar frå kvelden:

«Tysdag var det duka for den fyrste konserten til Vang kulturskule i våre nye lokaler i Vangshallen. Teleskoptribuna med plass til 220 personar var rigga opp, og vi hadde og fått plass til eit teppe bak på scena for avgrense sceneområdet noko. Dette såg veldig bra ut!! Flott ramme i og med at vi denne kvelden og skulle dele ut eit Drømmestipend frå Vang.

Konserten starta med Vang barne og ungdomskorps, som har fått ny energi og som vonar at det nystarta samarbeidet med grunnskulen «Korps i skulen» skal auke rekrutteringa til korpsmiljøet. Seinare gjekk det slag i slag med teater, showdance, folkemusikk, barnekor, rock, klassisk, song og mange forskjellige instrumenter. Vi har ei flott breidde i vår kulturskule, og konserten vart presentert av konferansier Jon Eggen.

Vi er glade for å fortelje at vi og dette året har fått tildelt eit Drømmestipend til Vang. Vi hadde to nominerte i år, og etter avtale med desse to så skulle vi behalde spenninga fram til konserten, for så å avsløre kven som fekk det. Dette sette ein spiss på det, takk til hjelp og samarbeid frå begge to der.

Ole Høyme Einang spelte saman med rockevenner frå kommunar i Valdres, medan William Alexander Dalen spelte gitar og song ein av sine eigne songar. Desse to var nominert frå Vang, og William fekk stipendet på feltet Skapande skriving.

William er kanskje mest kjent i Valdres som dyktig bassist i det The Rebels, der han og skriv dei fleste tekstane og melodiane. Finn Helge Lyster frå Norsk musikkråd kunne fortelje at William hadde laga om lag 350 tekstar, og Lyster hadde stor respekt for kvalitet og mengde. Ole Christian Østrem frå Norsk tipping var glad for nok ein gong å ta turen til Vang for å dele ut stipend. Han fortalde og at det er Norsk tipping som gjev 100 000 kr Norsk musikkråd, og stipenda som har kome til Vang er fruktene av dette gode samarbeidet.

Det kan og nemnast om William at han gjekk vidare til UKM sin fylkesmønstring innanfor lyrikk, med tekstar knytt opp mot hans kreftsjuke søster. Ordførar Vidar Eltun var og til stades, han gav begge dei to nominerte eit krus frå Vang kommune som ein liten honnør til deira glød innan musikk.

Ein takk til Eltun og politikarane i Vang som investerte i Vangshallen, der det er lagt så bra til rette for at både kultur, musikk og idrett skal få gode tilhøve i Vang. Dette er etter same mønster om samarbeid som Drømmestipendet er tufta på, der idretten og musikkog kulturlivet går saman om å lage bra levemiljø for bebuarar rundt om i Landet.» 

Alle foto: Oddvin Almenning.